Desse namna frå Finnøy er ikkje gode nok

Kartverket klagar på fem nye vegnamn i Finnøy.

«Dei fleste adressenamna kommunen har valt, er gode lokale namn med ein tilrådeleg skrivemåte. Men nokre av namna har fått ein skrivemåte som ikkje er i samsvar med primærnamnet, eller skrivemåten bryt med andre av dei serskilde føresegnene i stadnamnlova eller forskrifta. Desse bør kommunen vurdera på nytt, og Kartverket nyttar difor den formelle klageretten me har etter § 10 i lov om stadnamn for å få ei ny vurdering i kommunen», heiter i eit brev til Finnøy kommune. Det gjeld desse namna:

Runestadvegen: Runastad står som einaste godkjende skrivemåte av gardsnamnet på gnr. 37 i Sentralt stadnamnregister (SSR). Adressenamnet må skrivast på same måten, jf. § 4 andre ledd i lov om stadnamn.(I bokverket Norske Gaardnavne er gardsnamnet oppgjeve med uttalen /rú:`nasta/.)

Eidsvåg: Eidsvågen står som einaste godkjende skrivemåte av namnet på vågen på staden. Adressenamnet må skrivast på same måte, jf. § 4 andre ledd i lov om stadnamn.

Eidevegen: Ved garden Eide(gnr. 51) finn ein frå før dei avleidde namna Eidsvågen, Eidsneset, Eidssundet, Eidssund ferjekai og Eidsholmen. Same samansetningsmåte må nyttast i vegnamnet, jf. punkt 6 i utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn: Ein bør nytte den samansetjingsmåten som samsvarar med dialektuttalen. Døme: Kristiansandsfjorden, Oslofjorden, Viksfossen, Mulvikgarnet, Vikafjellet, Vikfjell, Vikefjell. Me viser òg til § 1 tredje ledd i forskrift om stadnamn: Skal eit objekt som ikkje har hatt namn, namnsetjast, skal det takast omsyn til lokale, nedervde stadnamn og tradisjonelt ordtilfang på staden.

Eidebakken: Jf. merknadene til førre namn.

Hestatongane: Hestatanganestår som einaste godkjende skrivemåte av naturnamnet, og denne skrivemåten er i samsvar med gjeldande rettskriving i norsk. Adressenamnet må skrivast på same måte, jf. § 4 fyrste og andre ledd i lov om stadnamn. Me viser òg til§1 fyrste ledd i forskrift om stadnamn, der det går fram at «[s]tadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving»