"Mykje mindre svinn enn ein skulle tru"

Meir kunnskap, moderne drivhus, betre plantemateriell, profesjonell klimastyring og dyktige medarbeidarar er faktorar som gjer at det nær sagt ikkje er svinn i tomatproduksjonen.

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

- I tillegg er produksjonen tilpassa marknaden, slik at kvar enkel produsent veit kor mykje han eller ho skal produsera i løpet av ein sesong. Samanlikna med matsvinn generelt, er det lite tomatar som vert kasta. Mykje mindre enn kva ein skulle tru, seier styreleiar i Ryfylke Tomat, Arne Torgersen.,

1000 tonn

På Fogn produserer åtte tomatgartnarar til saman rundt 1000 tonn tomatar i året, om lag 15 prosent av den norske produksjonen. Kvar dag rullar ein fullasta trailer med forskjellige sortar tomatar frå pakkeriet på Fogn, eller Pakkå som det kallast på folkemunne, til pakkeriet på Østhusvik for vidare fordeling (trading) til butikkar rundt om i landet.

- Det er faktisk mindre enn éin prosent svinn i bransjen. Det er med tomatar som med dyr, og alle andre levande vesen for den saks skuld. Jo betre stell, jo betre kvalitet. Me ser at det er ein direkte samanheng mellom innsats og resultat. Viss produsentane gjer jobben som dei skal, er svinnet svært lågt. Kva som skjer når tomatane er sendt ifrå oss, og ute i butikkane, eller på veg til butikkane, kan me ikkje garantera for. I frå Pakkå vert tomatane sendt av gårde med temperaturloggar i lasta, for å sjekka forholda under transportetappen. Ut i frå denne kan ein fylgja med på korleis temperaturen er medan tomatane er undervegs til butikkane, seier pakkeribestyrar Ståle Runestad.

Må ta ansvar

- Kva kan den enkelte tomatgartnaren gjera for å optimalisera produksjonen?

- Denne utruleg viktige jobben er gjer produsentane i gartneria ved å fylgja med på vekstprosessen, og fjerna planter eller frukt som ikkje held mål. Dette kallast pinsering. Helsetilstanden hjå plantene fortel mykje om korleis avlinga vil bli. Å pinsera plantane, det vil seia å fjerna blomar/deler av klase og skada frukt), medan dei framleis er i drivhusa, er den mest effektive måten å redusera svinnet på. Både både i forhold til kostnadar og arbeidstid. Så kan det sjølvsagt skje at ein og annan plante eller tomat blir oversett, og såleis ender opp på tapskontoen. Det er atskilleg større svinn i mange andre frukt – og grønsaksproduksjonar verker det som. Som ein stor produsent av tomatar, slik som Ryfylke tomat, er det viktig at bransjen sjølv tek ansvar for å redusera og handtera eige svinn, fortel Arne.

Blir dyrefôr

- Uansett om svinnet er minimalt, blir det likevel ein del kassar tomatar som ikkje går til sal, og som er fullt brukbare. Kva skjer med dei?

- Dei går til dyrefôr her på Fogn.

- Kvifor kan de ikkje selja dei billeg, eller gi dei vekk?

- Fordi vinninga går opp i spinninga. Det er slik at dei ifråsorterte tomatane vert kasta i kassar saman med stilkar, umodne - eller overmodne tomatar. Når kassen er full etter to-tre dagar kan dei mest modne tomatane ha sprukke og blitt blaute, og då myglar dei fort. Det er ikkje lønsamt å bruka tid på å sortera tomatane ein gong til, og i tillegg selja dei til ein låg pris, seier Ståle.

Oddbjørg M. Måland

Publisert: