Slik skal ein velga kommunedelsutval

Når Nye Stavanger blir ein realitet 1. januar neste år, blir det definitivt slutt for Finnøy og Rennesøy som eigne kommunar.

Den nye kommunen sin administrasjon og den øvste politiske leiinga vil vera i rådhuset i Stavanger.

I intensjonsavtalen mellom Stavanger, Finnøy og Rennesøy står det at nærdemokratiet skal styrkast ved å flytta makt og myndigheit til såkalla kommunedelsutval i Rennesøy og Finnøy. Kommunedelsutvala er ei vidareutvikling av bydelsutvalsordninga i Stavanger, men med ei forsterkning gjennom nye oppgåver og ei styrka rolle i utarbeidinga av aktuelle plansaker, mellom anna ved å være inne tidleg i planprosessane. Kommunedelsutvala skal vera ei lokal kraft som skal bidra i arbeidet med lokal utvikling.

Rennesøy og Finnøy får 11 medlemmar i kvar sine kommunedelsutval.

Fellesnemda går inn for at desse skal ha innstillingsrett til næraste overordna politiske organ i saker som er av særleg betyding for stadsutviklinga i kommunedelane, og ikkje berre høyrings- og uttalerett, slik som mindretalet i ynskjer.

Innstillingsrett betyr at kommunedelsutvalet får saka til handsaming før den går til det aktuelle kommunalstyret, og kan dermed gi si innstilling i saka. Høyrings- og uttalerett vil sei at kommunedelsutvalet får saka til høyring etter at den har vore til handsaming i kommunalstyret. Til slutt vil dei fleste sakene gå til endeleg politisk handsaming i kommunestyret.

I prinsippet kan kven som helst bli vald inn i kommundelsutvala. Det er det nyvalde kommunestyret som i konstitueringa vel representantar på lik linje med andre politiske utval, slik som til dømes forvaltningsstyret og kontrollutvalet. Det er likevel grunn til å tru politikarane vil ta utgangspunkt i namna som står på dei forskjellige partia sine val-lister. Også her gjeld prinsippet om kjønnsfordeling, politisk parti, geografi og liknande. Eit medlem i kommunedelsutvalet kan og sitja som representant i kommunestyret.

Det er varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, som har leia prosjektgruppa som har jobba med lokaldemokrati og politisk organisering i den nye kommunen.

Arne Madland (KrF) frå Finnøy har vore med i denne prosjektgruppa, og kjenner prosessen godt.

Kva er utfordringa med eit kommunedelsutval?

– Det er heilt sikkert fleire, men akkurat no er eg mest oppteken av å sjå moglegheitene kommunedelsutvala representerer i forhold til å ivareta lokaldemokratiet i Rennesøy og Finnøy. Eg tenker at kommunedelsutvala aldri må bli ein komité som organiserer innsamlingsaksjonar og strandrydding, sjølv om det er viktige ting. Eg ynskjer at utvala skal ha handa på rattet til ei kvar tid, og det trur eg er fullt mogleg så lenge fellesnemda har gått inn for at kommunedelsutvala skal få utvida makt og myndigheit. På den måten får utvala større slagkraft og kan ta eigne politiske beslutningar i lokale saker. Det er utruleg viktig. Vidare trur eg at vegen til politikarane i byen blir kortare via kommunedelsutvala. Jo større avstand til makta, jo lengre er vegen å gå. I så måte vil kommunedelutvala ha ei viktig rolle som eit politisk maktsenter midt i mellom. Eg trur og at eit slikt organ lettare vil kunne «tvinga» folk til stå saman , noko som er avgjerande for å få gjennomslagskraft i viktige saker, seier Madland