ole johannes2

Ole Johannes driv med fisketurisme på diesel

Ole Johannes Landsnes sverger til gamle trebåtar når han skal trekke turistar til Helgøy.

– Eg likar dei gamle trebåtane. Oldefar min bygde slike, og sjølv om dei etter kvart er vanskelege å få tak i, så brukar dei lite drivstoff og dei er fine å sjå på. Dette er jo viktig kystkultur å ta vare på, seier Landsnes, som saman med kona driv overnattingsstaden Helgøy Seafood på Sjernarøy.

No til dags kombinerer han dette med jobben som kaptein i Norled, og før den tid har han lang fartstid som plattformsjef i Nordsjøen og kaptein på slepebåtar.

– Men eg har alltid vore ein fiskar, heilt frå eg var med far min her ute på fjorden, smiler han og peiker.

– Fiske er hobbyen min, og når eg går ei veke på og to veker av, så er det ein turnus som passar godt med å drive med turisme. Eg visste jo ingenting om turisme då eg starta her i 1999, men no omsett me for halvannan million i året og går i pluss.

Ole Johannes overtok småbruket etter far sin i 1999 og kjøpte så det gamle slakteanlegget til Stjernelaks. Han bygde om frå kontor, lager og slaktehall til leiebustader, og så har han utvida med nye hytter i 2002, 2005 og 2019. I dag kan han by gjestane på 72 sengeplassar på anlegget sitt.

Og dei kjem stort sett av ein einaste grunn; fiske. Tyskarane er i fleirtal, mange av dei frå det tidlegare DDR.

– Eg bur i ein liten by utanfor Berlin, forklarer Julia Bues.

Ho er 19 år og har fleire gonger vore med til Helgøy saman med foreldra sine. No er ho her att, saman med veninna Michelle Fiebig.

– Naturen her er fantastisk, og fiske er hobbyen min, så dette er perfekt. Me fiskar mest sei og har fiskemiddag kvar dag, kan ho fortelje.

Årets sesong ser bra ut så langt for Ole Johannes Landsnes, som heile tida er på jakt etter å utvida sesongen. Men framleis er det perioden april-mai, og august-september som er dei to viktigaste.

– Eg har mange stamgjestar. Dei kjem tilbake år etter år. Tysk måtte eg lera meg, akkurat som eg måtte lære portugisisk då eg jobba i Brasil. Kvar morgon er eg ute på kaia og snakkar med gjestane. Då diskuterer me vêret og eg for4tel dei kvar fisken bit best den dagen. Då må du kunne snakka språket.

Det kan ikkje journalisten, så eg må ty til «skitt fiske» til Julia og Michelle.

– Kva blir det på tysk, spør eg faren i familien.

– Petri heil, svarar han.

– Petri heil frå Øyposten, då.

Edd Meby