Neste papiravis kjem 1. august, men følg Øyposten på nett

Sjølv me i Øyposten må ha litt ferie.

Frå og med 29. juni til og med 10. juli vil kontoret på Judaberg ikkje vera bemanna. Det betyr at sommarlukkinga her i avisa er to veker, og det er to veker mindre enn tidlegare. Slik er det når ein liten stab må avvikla ferie.

Sjølv om det ikkje er papiravis før torsdag 1. august, vil me likevel vera meir til stades i nyheitsbildet enn tidlegare om sommaren. Du finn oss på oyposten.no. Der blir artiklar lagt ut kvar dag gjennom heile juli.

Etter eit travelt halvår blir det godt med litt ferie, men me er allereie godt i gang med å planlegga og produsera stoff til Tomatmagasinet som kjem ut 15. august i samband med Tomatfestivalen.

Riktig god sommar til alle!

Edd Meby, redaktør