Det vil bli endringar i Øyposten til hausten

Redaktør Edd Meby har sagt opp stillinga si.

Han går over i stillinga som dagleg leiar i Randaberg Idrettslag. Meby har vore redaktør i Øyposten sidan april 2018.

– Eg har hatt ein fin tid i Øyposten. Det har vore interessant å laga avis i ein kommune som er i ein samanslåingsprosess, og eg har møtt mange spennande personar i Finnøy. Eg vil takka alle gode kollegaer i Øyposten for samarbeidet, og alle dei som eg har møtt på i arbeidet mitt. Eg har fått mykje hjelp av trivelege folk.

Øyposten har det siste året vore gjennom store endingar, både i papiravisa og på nett.

– Me er ei lita avis, men eg meiner me har fått mykje ut av ressursane våre, og eg sikker på at Øyposten har ei viktig rolle å spela når Finnøy og Rennesøy blir ein del av Stavanger. Då er det enda viktigare at avisa gjer jobben sin med å halde folk her informert om samfunnsutviklinga.

Det skal Øyposten gjera både på papir og nett.

– Satsinga til avisa på nett gir svært god respons frå lesarane. Me har firedobla trafikken dei siste månadane, og både lesarar og annonsørar har fått med seg at dei no får eit mykje betre tilbod. Framleis er alle nyheitene våre gratis, men i august vil betalingsløysinga vera på plass. Då må alle betale for innhaldet til Øyposten – akkurat slik det skal vera om avisa skal får ein økonomi som sikrar arbeidsplassane og at avisa kan gå trygt inn i framtida. Eg er stolt over at eg har fått vore med på det arbeidet dei tilsette og styret i Øyposten har gjort det siste året for å utvikla avisa, seier Meby.