DSC_3024

Raudt hjarte, Iron Maiden og 50.000 skritt

Kva er det med Aksel Reilstad og talet 50.000?

– Ein dag skal eg gå 50.000 skritt. Eg har berre bestemt meg. Eg går tur kvar dag, eg.

– Kva er rekorden i dag?

– Eg har gått 42.000 skritt på ein dag. Då gjekk eg i sju-åtte timar, og til slutt sa eg til meg sjølv; Aksel, slutt å skapa deg! Men eg skal gå 50.000.

Ein årsak til at Aksel går tur er at han har slutta å røyka.

– I dag er eg 370 dagar utan røyk. Det betyr at det er 3.700 sigarettar eg ikkje har røykt. Det betyr at eg har spara 23.000 kroner.

– Har du lyst på røyk, då?

– Nei. røyken blir som ein god ven, men eg har jobba meg gjennom det der. Men jo blir jo nesten litt forbanna når du nektar deg ein sigarett. Eg er nesten litt imponert over meg sjølv, hahaha…

– Kva skal du bruke dei 23.000 til? Kjøpa meir Iron Maiden?

– Ja, det er ein god idè.

Tru ikkje at Iron Maiden er tilfeldig. Når Aksel ikkje bruker tida si på jobb eller fotball, så går det i Iron Maiden. Tøffe tungrockarer frå London som har seld over 100 millionar album. Aksel har nokre av dei.

– Eg var i byen og kjøpte «Killers» og «Peace of Mind» her om dagen. Sånn musikk må du spela høgt, seier han, og forsvinn inn i eit musikalsk ressonnement med så mykje detaljar og namn og årstal at journalisten fell av.

Han har kontroll på album og songar og legg ut om vokalist Bruce Dickinson.

– Eg må høyre Iron Maiden kvar dag, men eg kan også høyre på anna musikk. Litt Brittney Spears gjer meg ingenting.

– Kva musikk likar du ikkje?

– Trans, opera og klassisk er eg ikkje så glad i.

Fotball, derimot.

– Fotball er eit språk alle skjønar. Det er eit verdsspråk. Kjem du til Brasil så kan du spela fotball med kven du vil, og dei snakkar same «språk».

For Aksel er det raude lag som gjeld; Finnøy IL og Manchester United. Han er kombinerer rolla som oppmann og reservekeeper på Finnøy sitt A-lag. For dei som ikkje veit; oppmannen er ein sentral person i eit fotballag. Det er han, eller ho, som skal ha kontroll på utstyret, og spelarane er ikkje nådige om noko er feil.

– Ballar, kjegler, to draktsett. Eg gir spelarane frukt og yoghurt før kamp. Det er mykje å halde styr på, så eg har ei notisbok.

– Og spelarane er frykteleg til å syta?

– Dei er kjekke! Og eg legg mykje i jobben min.

– Kva betyr fotballmiljøet for deg?

– Eg har jo gått oppe på Leikvoll frå eg var liten. Fotball er kameratskap. Gode historiar. Gutta boys. På onsdagane trenar eg med oldboysgjengen, og det er alltid kjekt.

– Kven er best av dei?

– Alle! Eg kan ikkje plukka ut ein….

– Å, kom igjen…

– Meiner du det? Ok….greit, men alle er gode på sitt vis….greit, ok….Frode Svabø, så blir han blid. han har eit enormt rykk og hovmesterblikk.

Aksel vaks opp på Reilstad, i eit 7-arlag med ein innbyttar. Åtte ungar. Fire gutar og fire jenter.

– Mor har laga mykje mat, ja.

Når eg spør kva ungane på Reilstad gjorde på 90-talet, så får eg svar som dumt eg spør; fotball. Fotball, fotball, fotball. Og på laurdagane gjekk dei ned til Olav og handla smågodt på butikken.

– Kven har betydd mest for deg?

– Mor og far, som for dei aller fleste. Dei har vore der heile tida, og er der enno.

– Likte du deg i skulen?

– NEI! Med 50 utropsteikn, hahaha….Eg blei lei og slutta før tida.

Der startar ei historie om rå vilje og eit godt helsevesen.

– Alle møter motgang, og eg har hatt min, og det handlar mykje om tilfeldigheiter og flaks. Men eg har berre godt å seia om alle dei fantastiske menneskene eg møtte i psykiatrien. Eg hugsar ikkje så mykje, men eg levde i eit mørke. Det var nådelaust og brutalt, og eg trudde ærleg talt ikkje eg skulle leva til eg var 30, seier han og ser meg i auge.

– Korleis kjempa du deg ut av det mørket?

– Du må ville leva. Det er der du hentar motivasjonen til å kjempa. Og det som ikkje tek livet av deg, gjer deg sterkare, ikkje sant? Det må vera vondt før det kan bli betre.

Og så ler Aksel. Høgt!

– I dag er det nesten slik at det eg opplevde er litt «kult», viser han i lufta med fingrane.

– Det er viktig med humor. Og humør. Eg er oppteken av å spreie glede rundt meg. Gjer det beste ut av kvar dag, meiner eg.

– Og spel mykje Iron Maiden?

– Ja!! Høgt, hahaha……

Jobben på lageret og gode kolleger hos Ladstein Bygg er viktig. Fotball er viktig. Musikk er viktig. Me snakkar litt om Arild Berg, fotballspelaren som gjekk bort sist helg. Aksel var på Viking stadion på sundag, då 9.000 menneske viste sin respekt for Berg med eit minutt applaus.

Fotball er følelsar.

Fotball er engasjement.

Fotball er Manchester United.

– Solskjær får eit år på seg, så må han levera. United utan Champions League, det er ikkje rett. Eg har vore på Old Trafford fire gonger. Sett dei tapa 0-1 mot Aston Villa då Agbonlahor scora, men eg har også jubla saman med 74.000 når United scorar. Då er du i himmelrike! Kan eg seia det?

– Ja, her i Finnøy går det greit.

– Eg har lest United-historia om München-ulykka i 1958, og Best og Charlton, og eg vaks opp med Cantona og The Treble i 99. At me har litt motgang no er normalt.

– Blir du irritert?

– Det hender at eg har lyst å hiva tv-en ut vindauge. Og Pogba må dei berre selgja. For ein løgnas!

Straight talking – rett frå eit ekte raudt fotballhjarte.

Edd Meby