Kan han bli joker i den viktige kampen mot Kvitsøy?

Torjus Halsne er tilbake i Finnøy akkurat i tide til den viktige kampen mot Kvitsøy på sundag.

Lokaloppgjeret på Leikvoll vil sette tonen for resten av sesongen. Finnøy står med 5 poeng på 9 kampar, medan Kvitsøy har 3.

– Sjølv om me har ein halv sesong igjen, er det svært viktig å vinna denne kampen, seier Finnøy-trenar Erik Flesjå-Johansen, som altså har Torjus Halsne tilbake i klubben.

– Han har berre ei trening med oss, så han startar på benken. Elles er dette ein kamp der med kan stilla med alle dei beste spelarane, seier han.

Mot Kvitsøy betyr det at Hans Runar Eike startar i den rolla han er best – som spiss.

Sander Idsøe er p0å 0plass på midtbanen med eit tungt skot og gode dødballar.

Roar Haug og Ianis Kovacs tar denne gong dei to sidebackplassane der Finnøy har slitt heile sesongen. Kristian Ledaal, som har spela på juniorlaget til Staal Jørpeland, trenar med FIL, og er hjarteleg velkommen om han vil spela for moderklubben i haust.

Flesjå-Johansen og spelarane hans kjenner Kvitsøy godt.

– Me slo dei to gonger i fjor. Då tok me ut deira beste spelar, spissen Glenn Ivan Pedersen, som har scora 12 mål så langt i år. Me har ein plan korleis me skal stoppa han på sundag, men Kvitsøy veit jo at me veit at dei ein streng å spela på, så me får sjå. Det viktigaste er tre poeng.