DSC_9449

Øyane slår seg saman

Grendelaga på øyane i Finnøy meiner dei er sterkare om dei står saman.

Dette gjeld grendelaga på Halsnøy, Ombo, Fogn, Talgje, Bokn og Byre, Sjernarøyane og Finnøy – som nok kan ha ymse namn, men som alle har same oppgåve; å representera interessene til dei som bur på øyane. I juni var det eit møte med representantar frå fleire av dei sju grendelaga.

Leiar av Fogn Grendelag, Ole Klingsheim, er ein av dei som var til stades der:

– Me er opptekne av å diskutera og samarbeide om saker der me har felles interesser. Det kan vera eit slags samarbeidsutval som møtest tre-fire gonger i året, eit felles forum for grendelaga.

– Kva saker skal eit fellesforum jobba med?

– Me har allereie snakka om eit par viktige område. det eine er samferdsle, til dømes båt- og ferjeruter. Det andre er å ivareta nærdemokratiet når me går inn i Stavanger. Det vil vera naturleg å følgje godt med på kva dei nye kommunedelsutvala gjer.

Klingsheim legg vekt på at eit slikt fellesforum ikkje er ein kamporganisasjon for Øyfast.

– Me er ikkje tent med eit slikt ordskifte som me har sett i det siste, og slik sett har Øyfast-debatten nok inspirert oss til å tenke fellesskap. mange på øyane meiner nok at det positive med Øyfast i det siste er hamna i bakgrunnen.

Klingsheim opplys at det etter ferien vil bli innkalla til eit nytt møte, der ein vil formalisera det nye fellesorganet for grendelaga.