Trur ikkje fleire vil stemme på grunn av ny kommune

Ikkje sidan 60-talet har det vore lågare valdeltaking i Finnøy og Rennesøy.

I Stavanger har talet på personar som stemte ved kommunevalet i 2015 aldri vore lågare. (Sidan 1955)

I fylgje førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Svein Erik Tuastad, er ikkje dette eit fenomen som berre gjeld vår region, men ein trend som er lik over heile landet. Han er likevel klar på at tala, spesielt i Finnøy og Rennesøy, ligg over landssnittet.

– Folk tykkjer kommuneval ikkje er interessant på same måte som ved stortingsval, som jamt over ligg 15-20 prosent høgare i valdeltaking. Valdeltaking er eit uttrykk for kor viktig og interessant folk oppfattar valet er. Jo viktigare, jo høgare valdeltaking, og omvendt.

Eit kommuneval blir rangert som nest viktigaste, etter stortingsvalet, slik har det alltid vore. Folk reknar med at dagleglivet i lokalsamfunnet går sin gang, uansett kva for parti som styrer kommunen, det blir liten eller ingen skilnad. Men dersom det er store og viktige ting som angår heile lokalsamfunnet og som avgjerast politisk, ser me at tala ved kommunevala går opp. Høg valdeltaking er viktig for lokaldemokratiet. Når mange brukar stemmeretten sin får me eit representativt kommunestyre og høgare legitimitet for dei avgjerslene som verte tekne, seier Tuastad.

Trur du Nye Stavanger vil motivera fleire til å stemma i år?

– Nei, det trur eg faktisk ikkje. Eg trur at mange vil tenka at det blir for stor avstand til politikarane og det politiske miljøet. Stort sett vil det kommunale tenetilbodet bli det same som før, og gjerne til og med betre. Politikken i den nye kommunen vil for mange gå ifrå å vera meir parti, og mindre person, som jo er eit kjent fenomen på mindre plassar. Politikarane i Finnøy og Rennesøy som blir velde no til hausten, vil få ei stor oppgåve i passa på dei ikkje blir slukt av Stavanger, seier Tuastad til avisa.

Oddbjørg M. Måland

  Valgdeltakelse i prosent
1955 1959 1963 1967 1971 1975 1979 1983 1987 1991 1995 1999 2003 2007 2011 2015
 Rennesøy 58,5 57,2 69,5 74,2 75,2 67,0 75,6 73,0 75,8 76,0 70,6 71,3 69,0 73,5 73,2 65,9
  Valgdeltakelse i prosent
1955 1959 1963 1967 1971 1975 1979 1983 1987 1991 1995 1999 2003 2007 2011 2015
Finnøy 38,2 48,6 55,2 61,2 65,9 68,4 71,7 72,4 71,4 74,9 72,6 71,1 67,2 72,5 73,2 67,9
Valgdeltakelse i prosent
               1955 1959 1963 1967 1971 1975 1979 1983 1987 1991 1995 1999 2003 2007 2011 2015
Stavanger 74,5 77,1 85,2 79,0 75,2 72,6 73,7 72,6 69,6 66,7 61,7 60,6 59,3 59,8 62,7 58,3