Billigare billettar, men ikkje for ungdom i Ryfylke

Frå og med 13. juni blei det billigare for ungdom over 15 å reisa med Kolumbus. Men ikkje for ungdom i Ryfylke.

Aldersgrensa for born blei heva frå 15 til 17 år, og fleire får studentrabatt.

Arnstein Bøe frå Fogn har vore i dialog med Kolumbus på chat og får bekrefta at ordninga ikkje gjeld for Ryfylke. I svaret frå Kolumbus skriv dei:

– «Det er egne takster på hurtigbåtene i Ryfylke, her er barnetaksten gjeldene fra 4 -15 år. Ungdommer over15 år kan likevel bruke Ungdomsbiletten og kan da reise ubegrenset antall turer i Ryfylke. Ungdomsbilletten koster kr 299,- og varer i 30 dager»

– «Nå får ungdom på vidergåande skole enten student – eller barnerabatt, som er halv pris av voksen pris. Denne ordningen gjelder ikke for Ryfylke, nei.

Den nye rabattordninga gjeld for buss, lokaltog og hurtigbåt til Byøyane og Hommersåk.

Ordførar Henrik Halleland er informert om dei nye rabattordningane og seier at kommunen vil ta kontakt med fylkeskommunen.

– Det er viktig at me får vita kva som ligg til grunn for at desse nye rabattordningane ikkje skal gjelda for Ryfylke. Viss varet er at dette er ein del av Bymiljøpakken, vert det ein større diskusjon som me uansett må ta.

Trur du dette vil ordna seg når me om få månadar blir ein kommune?

– Eg veit ikkje, men eg håpar jo det, og me skal jobba for det. Det er stor etterspurnad etter HjemjobbHjem-ordninga. Ein og same kommune bør operera med same tilbod til alle innbyggarane, seier ordføraren.

Det har ikkje lukkast Øyposten å komma i kontakt med nokon i fylkeskommunen som kan kommentere denne saka.