Foto: Edd Meby
Foto: Edd Meby

Røyk stoppa trafikk i Finnfast

Klokka 17.20 i dag stoppa trafikken opp ved inngangen på finnøysida av Finnfast.

Det velta tjukk, grå røyk ut av tunnelopninga. Etter kvart kom det motgåande trafikk opp av tunellen som informerte at det var bare øvre del av tunellen på finnøysida som hadde røyk i seg. Det var liten eller ingen lukt i følgje augevitne. Etter 15 minuttar gjekk trafikken som normalt igjen.