Ordførar Henrik Halleland i diskusjon med grunneigar Kjetil Ørnes i kommunestyret 11. mars.
Ordførar Henrik Halleland i diskusjon med grunneigar Kjetil Ørnes i kommunestyret 11. mars.

Ordføraren fekk mykje kjeft – men han hadde rett

Fylkesmannen i Rogaland har behandla lovlegklaga i Skartveit-saka.

I løpet av den lange behandlinga av usemja om eigedomsforholda rundt kaia på Skartveit på Halsnøy blei det frå tre av representantane i kommunestyret sett fram ei klage på ordførar Henrik Halleland sin framgangsmåte.

Birger Hetland (Senterpartiet), Trygve Hetland (H) og Eline Wolden Bersagel (V) meinte kommunestyret skulle behandle eit forslag som blei fremma i samband med ein interpellasjon, men ordføraren sa nei. Noko han fekk kritikk for, både av enkelte i kommunestyret og i lesarinnlegg i Øyposten.

No har Fylkesmannen etter ein kontroll slått fast at ordføraren var i sin fulle rett til ikkje å la kommunestyret stemma over forslaget.