Kreativ kompetanse

Kreativ høyrest sprekt ut, medan kompetanse kanskje er litt meir sånn jorda? Kanskje er Rita Lindås litt av begge?

Rita Lindås blir koordinator for det nye Innbyggartorget på Finnøy.|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Ikkje veit eg kven tomatgartnaren i badekaret var, men eg tenker at eg ville kjøpt det bildet. Her er historia:,

- Eg skulle ta eit foto til tomatfestivalen, og drog ut til ein tomatgartnar. Ute på eit jorde hadde han eit badekar som har brukte til fôring av kyrne. Så eg putta han opp i badekaret og fylte det med tomat. Så kom jo kyrne for å sjå på, og motivet blei gartnaren, tomatenje, badekaret og ei ku som blandar seg inn.

I motsetnad til ein som skriv og tek bilder, er dette ei skildring av ein fotograf i arbeid. Du skal ha auge for augneblikket, du skal ha fantasi, sjå moglegheiten og vera kreativ.

- Skulle ikkje du ha hatt ei fotoutstilling?

- Tja, eg veit ikkje.

- Eg veit.

- Eg har nokre idear der eg kan  bruka foto som utgangspunkt for teikning eller maling.

Fornuft eller fantasi?

Trigga eller trygg?

Kreativitet eller kunst?

Ikkje skal eg komme her og påstå at dette er daglege dilemma i hovudet til Rita Lindås. Snarare tvert om; ho verker svært nøgd med å arbeide med reklame og foto i sitt eiga firma «Rabbelbabbel». Samstundes; foto er jo ei fantastisk kunstform….

Rita er på heimebane i Nesagjerdet. Eg parkerer bilen og går inn til nummer 30, berre for å bli passa opp av ein bjeffande hund. Ein lys brun hund. Mykje større i kjeften enn namnet «Tassen» skulle tilseie, men snill som eit lam når han berre får lukta litt på journalisten.

- Her er arbeidsplassen min, smiler Rita.

- Me har pussa opp. Før hadde eg det iskaldt på vinteren og svært varmt på sommaren.

Bygget ligg ved sidan av bustaden. Det er delt i to, med fotoatelier i den eine enden og arbeidsrom i det andre. Lyst og triveleg, og med ein utsikt over fjorden mange rikingar kunne betalt millionar for. Det er ikkje mange meter frå huset til kontoret, men;

- Eg er jo ein slags frilansar, men eg vil ikkje ha kontor i huset. Det er viktig å ha dei metrane å «gå på kontoret». Her er det lettare å halde fokus, seier ho – og byr på kaffi.

Ho vaks opp her, og har teke over huset til foreldra.

- Eg hadde ein trygg og god oppvekst her. Det var eit rolegare strøk då enn no. Eg sykla rundt her…

- Utan hjelm?

- Ja, det var ikkje snakk om det då.

- Lar du ungane dine sykla utan?

- Nei!

Det kristne jentelaget var greia på fritida den gong.

- Ikkje fordi eg er kristen, men fordi det var ein fin møtestad. Dei var flinke med aktivitetar for ungane. Så spela eg litt fotball. På skulen var eg nok sånn medium. Men eg likte godt å lesa. Nancy Drew og slikt, sjølv om det var litt meir action i Hardy-gutane.

- Kva er ditt første minne?

- Oi! Hmmmm…….Det er ein bytur. Me var på ferja og eg fekk is. Det er nok det første bevisste minnet mitt.

Med teikning som hobby måtte det kanskje bli form og farge på yrkesskulen? Rita ville søke utdanning innan reklame, men karaktersnittet var høgt, så ho tok eit år til med form og farge. Deretter to år på kunstskule. Ho tenkte på kunst, men så blei det reklame. Ho fekk eit vikariat i Aftenbladet – og blei der i 19 år. Som reklameteiknar, grafisk formgjevar, gruppeleiar og avdelingsleiar. Karriere, heiter det. Men så kom motgangen for Aftenbladet, og nedbemanning.

- Det var alltid eit godt miljø og eg likte meg i avisa, men eg dagpendla til byen og me bygde hus, så då eg fekk tilbod om ein grei sluttpakke, så slutta eg. Eg kunne nok søkt på andre jobbar i byen, men så kom oljekrisa….

Men ho ville fortsette med reklame. Så ho tok ei 90-graders vending i livet.

- Eg ville innrette livet mitt meir etter ungane, ikkje ha det så travelt. Det var alltid ein kabal med pendling og tidspress. Eg var ute etter større fridom og meir fleksibilitet.

- Kva fekk deg til å starte med fotografering?

- Eg hadde litt foto på kunstskulen, men eg ser litt dårleg, så i kamera blei det litt blurry. Eg fekk det ikkje til. Så hamna eg i Aftenbladet og me måtte bruka fotografar til reklamefoto. Det var dyrt, så eg begynte å fiksa det sjølv. I dag er foto omtrent halve omsettinga mi.

Litt inntekt hentar ho frå ei 24-prosentstilling i kulturskulen. Der reddar ho ungdommen frå fotballen, ved å læra dei grafikk, måleri og teikning.

- Det er kjekt når ungane blir interessert, og oppdager ting i kunsten. Kulturskulen og reklame gir meg fin avveksling.

Og kva gjer ein med ei grei sluttpakke frå Aftenbladet? Jo, ein startar eiga bedrift. I dette høve, reklamebyrået «Rabbelbabbel». Kreativt namn, ikkje sant? Med sin tidlegare kollega Svein Olav Joakimsen og leiar i Ryfylke Næringshage, Heidi Skifjell, som støttespelarer.

- Kom igjen!» sa Heidi. Det var ikkje like lett heile tida, og du må byggja deg gradvis opp. Men det er kjekt. Det gir ein ekstra boost når du har gjort kunden nøgd.

- Men det usikre med eiga bedrift?

- Det venn du deg til. Eg er ganske nøktern og krev ikkje så mykje. Eg kunne ha jobba 24-7, men det er ikkje det eg vil med livet mitt. Som frilansar må eg ha ein viss disiplin, og gå på jobb. Men eg vil verna om helgene og feriane. Då kan eg leggja vekk mobilen.

- Eit lett spørsmål; kvar i livet ditt er du no?

- Hahaha…….Eg har det svært bra. Med ungar og familie. Eg er min eigen sjef og har fleksibiliteten eg vil ha. Og eg er open for alt. Kven veit kva som kan skje?

Nei, kven veit kva som kan skje? Til dømes om du ein fin sommardag ser fire «Michelin-menn» på sjøen utanfor Judaberg? Det er mest sannsynleg familien Lindås på tur.

- Me likar godt ein tur på stand up paddleboard.

- For oss uinnvidde, kva er det?

- Du står på eit brett og padlar. Veldig kjekt. Då tek me på oss våtdrakt og ser ut som Michelin-mannen.

Sett bort frå denne utfordringa for skipstrafikken, gjer familien heilt vanlege ting som tur i Teigen og andre fine stader på øya. Ferieturen går til eksotiske Mauritius, med to veker i sol, sand og blått hav.

Likevel; ho treng ikkje reise langt for å reise langt:

- Ein god krim i hengekøya. Då ladar batteria.

- Blanke timar?

- Ja, blanke timar – det er eit godt uttrykk. Dei likar eg.

Publisert: