«Me heng ikkje saman som lag»

Finnøy skulle presse høgt mot Havørn. Det gjekk berre sånn passe…

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

- Me blir for baktunge. Spissane presser høgt, mens midtbanen og forsvaret blir liggande lågt. Det gav Havørn mykje rom å spela i, seier trenar Sturle Guttormsen etter 1-4 og null poeng i heimekampen sist torsdag.,

Utgangspunktet var greitt; Finnøy sto med fem poeng før kampen. Dette var ein sjanse til å ta eit skritt vekk frå nedrykkskampen og sjå oppover på tabellen. Samstundes slit Finnøy med mykje småskader for tida. Verst er det for den stødige midtstopparen Tomasz Cieslikowski som vil vera ute lenge med brot i fotbladet.

- Det positive er at me får bruk for heile stallen, og gir god matching til juniorane. Denne gong var Daniel Steen, Morten Ingebrigtsen og Andrei Langbakk på banen, seier Guttormsen.

Han måtte sjå på at Havørn score sine to første mål på corner.

- Me kan ikkje vera nøgd med måten me markerer på. Det er billige mål å sleppe inn.

- Kva fungerte godt i denne kampen?

- Eg sa til gutane i garderoben at eg var nøgd med innsatsen, sjølv om det går litt i periodar.

- Enkeltspelarar?

- Anders (Eike) gjer ein solid jobb, som alltid. Og Jarle Sigbjørn (Eike) skal ha for at han prøver. Eg trudde me hadde ein moglegheit då han reduserte til 1-2, men i staden slepp med inn nummer tre rett etterpå.

Finnøy har to kampar igjen før ferien, Jarl borte 20. juni og Kvitsøy heime 30. juni. Bortepoeng mot sterke Jarl (14 poeng på sju kampar) vil vera ei overrasking, men lokaloppgjeret mot Kvitsøy blir jamnare. Trøysta for Finnøy er at dei to laga som ligg sist på tabellen, Kvitsøy og Mastra spela 3-3 sist laurdag. Dermed har dei høvesvis 3 og 2 poeng.

Publisert: