21. juni er det klart for Reilstad musikk & bensin

Kva er vel meir naturleg enn å feira nye bensinpumper med ein mini-festival?

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

-Her blir det blank bensin, der blir det blyfri og der blir det farga diesel til dei små og større båtane. Me var nødt til å oppgradere. No bir alt sjølvbetjent med kortautomat, peiker Olav Reilstad.,

Han ser ut over området ved kaia på Reilstad, med arbeidsfolk og gravemaskinar i full gang med innspurten på det nye anlegget. Han sel rundt 750.000 liter drivstoff i året.  Her blir det snart ny asfalt og nye lys.

-Me oppgraderer heile anlegget her. Nye og gamle drivstofftankar blir flytta og me får tre nye pumper. Og så vil eg laga ei utstilling med ei rekke gamle pumper som me har lagra opp gjennom åra. Det blir eit fint miljø nede på kaia, seier han.

Familien Reilstad har drive med handel i fleire generasjonar. Oldefar til Olav starta med bakeri på slutten av 1800-talet. Så tok bestefar over og seinare foreldra til Olav. Sjølv om butikken er stengt, er Reilstad framleis base for Olav si mangeslungne verksemd. Foretaket omset for 22 millioner kroner i eit normalår.

Han driv med mykje forskjellig. Han leverer utstyr til tomatgartneri og pakkeri, han sel gjødsel, og han sel vatningsanlegg til fruktdyrkarar. Pluss drivstoff.

-Kremmar er vel eit omgrep som passar godt på det eg driv på med. Eg likar utfordringar og det å ha mange ballar i lufta. Det viktigaste for meg er at mine kundar lukkast med dei produkta eg sel. Då er eg nøgd.

Dei nye pumpene er allereie tekne i bruk, og det kan jo ikkje gå heilt upåakta hen. Kva med ein liten mini-festival? Med musikk og anna underhaldning?

  • Reilstad har fostra mange flinke musikarar, så me har tenkt å få dei hit 21. juni. Då ryddar me kaia og riggar til med scene, lyd og lys. Det kjem til å bli nokre fine timar med song og musikk. Blant anna har me funne ein song frå 1930-talet som heiter «Heia, Reilstad!», og det skulle jo passa godt, smiler Olav.
  • Me inviterer fastbuande, kundar, leverandørar og hyttenaboar, og trur det blir ein kjekk kveld – med grillmat laga av «Hjarte for India». Andre som kjem er kjem «Mugge & Bugge», Martin Anda, Tone Våland og Ole Aune, pluss mange fleire. Eg gler meg allereie.

 

Publisert: