«Røyking og drikking er ikkje ein del av vår kvardag»

Ungdata-undersøkinga frå Finnøy fortel at fleire ungdommar testar alkohol no enn før. Det gjer ikkje dei Øyposten snakka med.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Nyleg presenterte ei tverrfagleg gruppe frå Finnøy kommune resultata av Ungdata-undersøkinga for elevane på ungdomstrinnet i Finnøy kommune. Der fekk ungdomen blant anna spørsmål om rus. Sjølv om langt dei fleste unge svarar at dei ikkje har vore tydeleg berusa det siste året, har det likevel vore ein stor auke av dei som har vore berusa ein eller fleire gonger sidan undersøkingane i 2013 og 2016. Årets undersøking viser og at fleire elevar røyker og snuser i dag enn i 2016.,

Ungdommane me møtte på Finnøy sentralskule etter presentasjonen av Ungdata seier dei ikkje kjenner seg igjen tala.

- Me veit at det det fins nokon som drikk og røyker, men det er ikkje vanleg. Det er ikkje ein del av kvardagen vår, seier elevane me snakka med.

- Dei fleste av elevane som har svara på undersøkinga, har vore berusa berre éin gong. det høge talet er såleis ikkje eit svar på korleis situasjonen verkeleg er. dei aller, aller fleste drikk ikkje, seier helsesjukepleiar Margretha kjølvik Berge.

På bakgrunn av undersøkinga har elevane oppsummert sitt bodskap til skulen/heimen slik:

  • Ikkje stress oss (målepunkt i skulen)
  • Ha fokus på det me får til, og ikkje det me ikkje får til
  • Få oss til å tru på at me er gode nok slik som me er
  • Gi oss pausar/hjelp til å ta pausar, gjerne med grenser (skulepress, sosiale medium)
  • Vi trenger voksne som er tilstede og snakker med oss

Sven Gustafsson ved Rogaland A-senter er ansvarleg for Ungdata-undersøkinga i Rogaland.

- Eg er einig med helsesjukepleiaren i at dette ikkje gir eit fullstendig bilete. Hadde det vore slik at rus er eit tilbakevendande problem blant elevane, ville det mest sannsynleg gitt utslag på enkelte av dei andre spørsmåla, men det er ikkje tilfellet her.

Publisert: