Ville ikkje behandla frådeling for verkstaden på Hesby no

Hesby Auto meiner dette er viktig for å sikra vidare drift, men politikarane vil sjå nærmare på saka.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

12. juni behandla Forvaltningsstyret Hesby Auto sin søknad om frådeling av tomta der bedrifta i dag driv. Hesby Auto argumenterer med at frådeling vil sikre drifta med 7 tilsette.,

«Tenestetilbodet er svært viktig å oppretthalda i denne delen av nye Stavanger, der bruk av privatbil er avgjerande for å sikre busetjing», skriv bedrifta i sin søknad til Finnøy kommune.

Men saka kom ikkje til diskusjon i dag.

- Me er samde om at Forvaltningsstyret vil på synfaring i neste møte. Det vil seie at me ikkje gjer noko i saka før etter ferien, seier leiar i styret

Olav Halsne (KrF).

Neste møte i Forvaltningsstyret er 28. august.

- Me treng betre grunnlag for å behandle saka. På den eine side er det viktig å ta omsyn til dei sju arbeidsplassane. På den andre sida er det viktig å ta omsyn til gardsdrifta. Dette er komplisert, seier Halsne.

Administrasjonen i Finnøy kommune har gjort si vurdering i saka:

«Omsøkt areal ligg midt i landbrukseigedomen, i nær tilknytning til tun/driftssenteret. Trafikkforholda internt på eigedomen er ikkje tilfredstillande. Minste avstand mellom driftsbygning og bygning innanfor omsøkt areal er 10-15 m, noko som er uheldig. Bygning innanfor frådelt areal er i tillegg plassert heilt i vegkanten. Sjølv om eigedomane vidare framover er tenkt drifta av nær familie, så må det likevel leggast til grunn for saka at det vil vere pårekneleg at det på sikt vil kunne oppstå større interessekonfliktar.»

«Verksemda starta som ei tilleggsnæring til garden, og har gjennom 20 år utvikla seg til ei viktig, lokal verksemd. Det er i grunngjevinga vist til at ønskje om frådeling er knytt til generasjonsskifte og virksomhetsoverdragelse. Det er vist til eit sterkt ønskje om å kunna fortsette drifta, der verksemda i dag er lokalisert. Dette i hovudsak grunna større kostnadar ved ei ev. flytting. Eigar ser heller ikkje at det er andre aktuelle areal for nyetablering. Det er vidare vist til at det ikkje vil vere behov for ytterlegare utviding av areal, for vidare drift av verksemda.»

«Søknaden gjeld frådeling av ei etablert verksemd, som er viktig for Finnøy. Vi ser at det kan vere ulemper ved å drive verksemda vidare, som del av ein landbrukseigedom. Forholda må likevel ligge til rette for ein frådeling, dersom det skal vere grunnlag for å gje dispensasjon. Vår vurdering er at omsøkt areal har ein svært uheldig plassering. Arealet ligg midt i landbrukseigedomen, i kort avstand til tun/driftssenter, med m.a. trafikale utfordringar. Frådeling av areal til næring/industri vil i eit slikt område kunne føre til større interessekonfliktar på sikt», skriv kommunen sin saksbehandlar, som vil avslå søknaden.

Publisert: