Mange motsegner på den nye kommuneplanen

Finnøy kommune må i mekling med Fylkesmannen og Rogaland fylkeskommune om den nye kommuneplanen.

|Judaberg i feststemning. Bildet er tatt for noen år siden i forbindelse med Tomatfestivalen.
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Rådmannen hadde 3. juni eit drøftingsmøte med administrative representantar frå fylkesmann og fylkeskommune, og eit meklingsmøte med politisk deltaking vert lagt til slutten av juni eller tidleg i august.,

«Slik rådmannen ser det er det vel mange uløyste saker å ta til mekling. Om det skal vere mogleg å komme i mål med planarbeidet og vedta ny arealdel i denne kommunestyreperioden bør omfanget av motsegner reduserast», skreiv rådmanen i si innstilling til behandlinga i Forvaltningsstyret sist onsdag.

Men politikarane var ikkje samde:

- Me tek alle motsegnene med til mekling, slik at me får argumentera for vårt syn, seier leiar Olav Halsne (KrF).

Her ein del av innspela – og motsegnene. Det er desse rådmannen ville ta ut.

Innspel 10:

Motsegn –fritidsbustadar med båtplass og tilhøyrande anlegg gbnr. 61/11, 21 og 60/1.

Fylkesmannen fremmer motsegn då dei meiner planforslaget er i strid med nasjonalt viktige landskapsinteresser og statlege planretningslinjer for strandsona. Ein meiner området i større grad blir privatisert ved utviding og endring frå reiseliv til hytteområde. Området er avsett til reiselivs-anlegg på eit areal i strandsona som er for bratt til å byggast på. Avgrensing av erstatningsområde, utvida område, eventuell endring frå reiselivsanlegg til hytteområde bør vurderast nærare ved neste kommuneplanrullering. Rådmannen tilrår at ein tek motsegn til følgje i samband med denne kommuneplanrulleringa og viser området som reiselivsanlegg slik som i gjeldande kommuneplan.

Innspel 32:

Motsegn til fritidsbustadar og småbåthamn med tilhøyrande anlegg, Nordbø.

Fylkesmannen og fylkeskommunen meiner tiltaket vil bryte opp landskapet, og viser til statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona. Det bør prioriterast løysningar som kan betre eksisterande situasjon i forhold til landskap og allmenn tilgang til sjøen. Fylkesmannen viser til ledig kapasitet i eksisterande hytteområde, og at tiltaket vil bety bygging på fulldyrka jord og innmarksbeite. I drøftingsmøte vart det peika på at innspelet er i strid med ei rekke nasjonale omsyn, Vidare at område vist som badeplass er det same som område vist til småbåthamn, og at parkering er lagt på dyrka mark. Om det er behov for badeplass, parkering og småbåthamn bør ein vurdere andreareal til formåla. Rådmannen tilrår at ein tar motsegn til følgje og tar innspelet ut av planforslaget.

Innspel 33:

Motsegn til bustadområde på Reilstad.

Fylkesmannen viser til at det i 2017 blei søkt om dispensasjon til frådeling på same gards- og bruksnummer som fylkesmannen rådde i frå, og som fekk avslag i kommunen. Innspelet ber preg av omkamp. Fylkesmannen meiner bustadområde vil gje ei uheldig fragmentering av landbruksområde og bygge ned innmarksbeite. Rådmannen tilrår at ein tar motsegn til følge og tar innspelet ut av planforslaget.

Innspel 38:

Motsegn -kombinert område bustad og næring, Kvame.

Fylkesmannen har motsegn då arealet som vart frådelt i samband med bruksrasjonalisering i 2014 er omkransa av fulldyrka jord og innmarksbeite, og ny næring vil gje ei fragmentering av landbruks-området. Det er stall på eigedommen og eigar ber om endra formål for å drive lett næring. Stall kan truleg drivast og utviklast vidare innanfor LNF føremålet. Rådmannen tilrår at ein tar motsegn til følgje og tar innspelet ut av planforslaget.

Innspel 43 og 44:

Motsegn –bustadområde og næringsområde Nådå.

Fylkesmannen har motsegn med bakgrunn i konflikt med nasjonale jordvernomsyn, landbruk og omsyn til samordna areal- og transportplanlegging. Det vert vist til at det er lite behov for bustad-tomter på Finnøy og at fortetting i Judaberg bør prioriterast framfor spreidd bustadbygging. Dei meiner nytt næringsområde vil gje spreidd utbygging og splitte opp landbruksjord. Det vil være behov for auka areal til bustadformål på Finnøy i siste del av planperioden. Foreslått næringsområde på sørsida av vegen er eit etablert næringsområde. Det vart gitt løyve til bruksendring for løa nord for vegen for over 10 år sidan. Med bakgrunn i drøftingsmøte tilrår rådmannen likevel at ein tar motsegn til følgje når det gjeld bustadområde og næringsområde nord for vegen. Etablert og planert næringsområde på sørsida av vegen bør tas til mekling.

Innspel 74: Motsegn –reiselivsanlegg/fritidsbustadar Bekkjarvik Kyrkjøy, gbnr. 66/6.

Fylkesmannen fremmer motsegn til planendringa då dei meiner endringa er i strid med strandsone-retningslinjene og nasjonalt viktige landskapsomsyn. Ein meiner området i større grad blir privatisert ved utviding og endring frå reiseliv til hytteområde, og at næringsutvikling skal prioriterast framfor fritidsbustadar. Rådmannen tilrår at motsegn vert tatt til følgje og at området vert endra tilbake til reiselivsområde med ordninga sal-tilbakeleige for inntil 50% av hyttene slik som i gjeldande kommuneplan.

Innspel 87-92:

Motsegn –bustadar Nord Talgje –gbnr 70/8, 70/3, 70/15, 16 og 14. Fylkesmannen fremmer motsegn til 6 arealinnspel på ca. 21 dekar slik det er foreslått og fylkeskommunen har motsegn til innspel 91. Dei foreslår å redusere arealet i tråd med det reelle behovet for bustadar med vekt på jordvern, og gir fagleg råd om at rammene for vidare utbygging i feltet skjer gjennom reguleringsplan for å ivareta kulturminneinteressene, leikeplassbehovet m.m. Rådmannen ser at omfanget av dei mange innspela samla er i overkant av det reelle utbyggingsbehovet og tilrår å redusere arealet. Innspel 87, 89 og deler av innspel 91 bør tas ut av planforslaget. Redusert område bør tas til mekling for å avklare arealavgrensinga.

Publisert: