venterom

Vandalane smurte avføring på gulvet i venterommet

Meir hærverk på venterommet på Judaberg.

Etter gjentatte episodar med hærverk på venterommet på kaia på Judaberg, er Statens Vegvesen nær med å stenga av rommet. Det skriv Finnøy kommune på si Facebook-sida i dag.

Over ein lang periode har det blitt gjort hærverk av ulikt slag, og seinast i dag fekk kommunen melding om ytterlegare skadeverk. Denne gongen er avføring klint utover golvet på toalettet. Vegvesenet ynskjer tips for å finne ut kven som står bak dette.

«Nå er det helt opp til brukere av venterommet om de må stå på kaien uten toalettmuligheter i fremtiden», skriv kommunen på Facebook.

Også på Fogn har det vore utført mykje hærverk på venterommet på kaia.