solcelle

Sol ute, straum inne…

Erling Haugvaldstad har alltid vore nyfiken på nye ting, og er ikkje som alle andre bønder.

Like ovanfor fylkesvegen ned mot Vikevåg sentrum driv Erling eit mellomstort gardsbruk med kyr og sauer. Han er kanskje litt forut for si tid og har like godt tatt steget fullt ut og installerte solceller på eit hele 360 kvadratmeter stort areal over storparten av  takflatene som vender mot sør og aust på både kufjøset og låven.

– Eg har hatt ein draum om dette i 20 år, og no er prisen på å installera noko slikt i forhold til straumprisen på eit slikt nivå at eg meiner det både er lønsamt og framtidsretta, seier Erling i det me møter han ute på gardstunet, klar til å ta fatt på siloslåtten når været blir godt nok til det.

Erling fortel at heile installasjonen av solcellepanela har kosta han 500 000 kroner.

– Det skal etter berekningane føra til eg produsera 50 000 kwh årleg,  noko som vil dekkja halvparten av energiforbruket mitt på garden  i løpet av eitt år. I løpet av 10 år skal eg då ha tent inn heile investeringa som me tok i bruk 10 april.
– Eg har ikkje heilt fått gjennomført kor mykje straum som har blitt produsert i desse to månadane fordi ruteren som er nødvendig for å registrert dette ikkje er montert opp enno.

Haugvaldstad fortel at det er eitt firma på Kverneland som har levert og montert solcelleanlegget, og at Felleskjøpet i Rogaland og Agder no har inngått avtale med dette selskapet.

– Det er vel ein indikasjon på at bøndene sitt eige innkjøpssamvirke også ser at her ligg det ei grøn framtid for bøndene og gardsbruka med sine mange store driftsbygningar og takflater?

– Ja, så absolutt, seier Erling og viser til at det er installert solcellepanel på store tak på driftsbygningar sjølv i Nord Norge.

– Så når det kan vera lønsamt både her på sørvestlandet og i Nord Norge, så bør der vera mange andre plasser også rundt omkring i landet der dette er ein både framtidsretta og på sikt også ein lønsam investering. Dessutan går også installasjonskostnadane på slike anlegg også nedover. Det vil berre forsterka ei slik utvikling der me også heile tida blir minna om at straumprisane vil stiga i åra som kjem, meiner Erling.

Sjølv om energiproduksjonen kan variera veldig frå dag til dag, og årstid til årstid, og på varme og solfylte dagar langt overstiga det behovet for energi som trengs på garden, så har Haugvaldstad inngått avtale med sin eigen straumleverandør, Hafslund, om sal av straum til energiselskapet.
Haugvaldstad er tydeleg på at dette med solceller på store takflater på driftsbygningar i landbruket kan vera eit godt alternativ til produksjon av såkalla grøn energi på mange gardsbruk.
– Men det er litt rart at det ikkje er mogeleg å få økonomisk støtte frå ENOVA for ein næringsdrivande som meg. Det er det visstnok berre private som får.

Jon Asgaut Flesjå