Ho kan bli valgt inn i det nye kommunestyret

– Politikk er interessant. Eg trur på demokratiet. Olaug Høgetveit er ein av dei 78 frå Finnøy og Rennesøy som står på liste til kommunevalet.

– Eg blir jo audmjuk når eg blir plassert på ein 4. plass på SV si liste, og kjenner på eit ansvar når partiet har prioritert meg så høgt. Eg er av dei som meiner politikk er viktig og spennande og eg står ikkje på liste fordi det er noko plikt, seier den 58 år gamle vernepleiaren frå Judaberg.

Totalt har 13 parti liste til kommunevalet i Stavanger, Finnøy og Rennesøy. Det er i alt 666 kandidatar.

45 er frå Finnøy.

33 er frå Rennesøy.

588 er frå Stavanger.

Dette betyr at dei to småkommunane har 11,7 prosent av listeplassane, medan dei berre har ca 1,6 prosent av innbyggjarane i den nye storkommunen.

Olaug Høgetveit har for mange år sidan vore med i skuletyret for Senterpartiet. Ho har bakgrunn som bonde, men utdanna seg til vernepleier og jobbar i dag på Faatunet på Judaberg, eit bufellesskap for utviklingshemma. Ho er for tida konstituert einingsleiar.

Ho har erfaring som tillitsvald og arbeider også i gruppa «Fred i Colombia», som driv skulefritidsordning for barn og flyktningar i landet. Ved kommunevalet i Finnøy i 2015 var ho nummer 1 på SV si liste, men partiet fekk for få stemmer til at ho kom inn i kommunestyret.

Jordvern, likestilling, heiltidsstillingar for kvinner – dette er saker som opptek Høgetveit.

– SV har hatt ein god landbrukspolitikk heilt frå Berge Furre sine dagar, og jordvern er ein sak som er veldig viktig for den nye kommunen. Arbeid for at fleire kvinner skal få heiltidsstillingar i helse- og omsorgssektoren ser eg som viktig. Samtidig med gode arbeidsforhold er det viktig at samfunnet  tek ansvar å ha tilbod som barnehager, eller som her på Faatunet. Det er et kommunalt ansvar, og ingen skal kunne tene penger på disse tenestene.

– Øyfast?

–  SV støtter planene om sammenbinding av øyene Fogn-Bokn-Byre-Halsnøy. SV vil ikkje støtte planene om Øyfast utover dette prosjektet. Men vi er mot at det blir brukt meir bompengar enn no. I Stavanger har SV i fleire omganger stemt nei til bruk av bompengar, fordi det er ei urettferdig avgift der alle må betale det same og bompenger rammer hardast dei som har minst.

SV har hatt gode tal på meiningsmålingane i år, slik at Høgetveit har ein god sjansen til å bli med i det nye kommunestyret. Etter sommarferien får ho rikeleg anledning til å fronte desse og andre saker når valkampen startar.

– Me skal ha stand på Tomatfestivalen i midten av august, og så går det slag i slag fram til valet. Eg vil gjerna at folk tek kontakt med meg om SV sin politikk, og eg vil sjølvsagt stilla opp om det blir lokale debattar, seier ho.