Tilrår ikkje frådeling for bilverkstaden

Bilverkstaden meiner dette er viktig for å sikra vidare drift.

12.juni skal Forvaltningsstyret behandla saka. Hesby Auto skriv i sin søknad om frådeling at:

«Frådeling vil sikre drifta av Hesby Auto med 7 tilsette. Dette er verdifulle arbeidsplassar i denne delen av kommunen.

-Tenestetilbodet er svært viktig å oppretthalda i denne delen av nye Stavanger, der bruk av privatbil er avgjerande for å sikre busetjing. Kollektivtilbudet på Finnøy og dei andre øyane er svært begrensa. Det er påkravd å ha privatbilar på alle øyane for å kome seg til rutebåten.

-Ei deling av eigedomen gjer det mogleg å vidareutvikle og sikre landbruksdrifta, slik det nå er godt sikra ressursar til auka mjølkeproduksjon.

-Verkstaden vil ikkje vere ein ressurs, men ein utfordring for ein mjølkebonde som har ei genuin interesse for mjølkeproduksjon. Arealet og drifta slik det har vore etablert I over 20 år er ikkje til hinder for mjølkeproduksjon eller anna landbruksproduksjon. Eksisterande verksemd og drift skal vidareførast slik det har vore gjort dei siste 20 åra. -Landbruket påverkast ikkje negativt av denne drifta.

-Det skal ikkje omdisponerast jord.»

Finnøy kommune har ei anna vurdering:

«Omsøkt areal ligg midt i landbrukseigedomen, i nær tilknytning til tun/driftssenteret. Trafikkforholda internt på eigedomen er ikkje tilfredstillande. Minste avstand mellom driftsbygning og bygning innanfor omsøkt areal er 10-15 m, noko som er uheldig. Bygning innanfor frådelt areal er i tillegg plassert heilt i vegkanten. Sjølv om eigedomane vidare framover er tenkt drifta av nær familie, så må det likevel leggast til grunn for saka at det vil vere pårekneleg at det på sikt vil kunne oppstå større interessekonfliktar.»

«Verksemda starta som ei tilleggsnæring til garden, og har gjennom 20 år utvikla seg til ei viktig, lokal verksemd. Det er i grunngjevinga vist til at ønskje om frådeling er knytt til generasjonsskifte og virksomhetsoverdragelse. Det er vist til eit sterkt ønskje om å kunna fortsette drifta, der verksemda i dag er lokalisert. Dette i hovudsak grunna større kostnadar ved ei ev. flytting. Eigar ser heller ikkje at det er andre aktuelle areal for nyetablering. Det er vidare vist til at det ikkje vil vere behov for ytterlegare utviding av areal, for vidare drift av verksemda.»

«Søknaden gjeld frådeling av ei etablert verksemd, som er viktig for Finnøy. Vi ser at det kan vere ulemper ved å drive verksemda vidare, som del av ein landbrukseigedom. Forholda må likevel ligge til rette for ein frådeling, dersom det skal vere grunnlag for å gje dispensasjon. Vår vurdering er at omsøkt areal har ein svært uheldig plassering. Arealet ligg midt i landbrukseigedomen, i kort avstand til tun/driftssenter, med m.a. trafikale utfordringar. Frådeling av areal til næring/industri vil i eit slikt område kunne føre til større interessekonfliktar på sikt», skriv kommunen sin saksbehandlar og konkluderer med ein vil rå til at søknaden vert avslått.