oj3

Feira med kake, champis og pommes frites

Aldri smaker vel pommes frites så godt som når du har sigra over verdas mest berømte fjell.

Ole Jakob Kjølvik (33) har kjent både på smerten og gleden med Mount Everest. I 2017 blei han sjuk på veg opp og måtte avbryta turen. Fredag 24. mai sto han på toppen og kjente på kva det vil seia å vinna.

– Det var 30 prosent glede og 70 prosent lettelse. Sidan det gjekk galt sist, har eg lagt eit enormt press på meg sjølv. Det å stå der oppe er ei utruleg naturoppleving, det er glede og det er smerte.

Sju veker tok turen til Mount Everest, men førebuingane har gått føre seg lenge. Mykje kondisjonstrening, noko styrke. Løpeturar med ryggsekk og vekter rundt anklane. Slik preparerer du kroppen til å arbeide «som ein traktor, ikkje ein Formel 1-bil», som er det bildet Ole Jakob bruker.

– Er du godt fysisk førebudd, så er du godt mentalt førebudd.

– Også på å tole smerte?

– Ja, det er svært viktig. Det er mange som gir seg tidleg i turen fordi dei ikkje er førebudd på smerten og ubehaget. Kroppen verker og må jobba på max, det er kaldt og vått. Føtene er kalde, fingrane er kalde og pulsen er høg.

Og då er du ikkje ein gong kommet til toppen. Det er frå 8.000 meter og opp det er verst. «Dødssonen», kallar klatrarane dei siste metrane.

– Du er kald og du må ha oksygen. Det er 30 minusgrader og vind, til saman kanskje 40-50 effektive grader. Du ser dei som ikkje klarte det, som er døde. Det siste døgnet er det mest utfordrande.

– Gjorde du noko annerleis på denne turen i forhold til den i 2017?

– Eg var meir oppteken av hygiene. Sist gjekk eg rundt og snakka med andre klatrarar. No heldt eg meg stort sett unna folk. Eg var heilt paranoid på bakteriar.

På toppen av Mount Everest fekk Ole Jakob 15 minutt. Det er meir enn nok til å få tatt inn inntrykk og gjort dei obligatoriske bildene. Turen ned gjekk greitt, og når du kjem ned i basecamp er det tid for å sleppe gleda skikkeleg laus. Fognbuen gjekk saman med klatrarar frå Austerrike, Tyskland og USA.

– Du blir godt kjent med dei andre i gruppa. Du sover, eter og går saman med dei andre og kjem tett innpå. Det er dei du deler gleda med. Me feira med kake, champagne og pommes frites, og ekspedisjonsleiaren held tale.

Sist sundag landa han på Sola og blei teke imot av familie og venner. Åtte kilo lettare, med betydeleg mindre muskelmasse og noe mindre fett på kroppen. Kommande sundag skal dei feira helten med familiefest på Fogn, og etter kvart kjem kvardagen.  Ole Jakob har jobba mykje overtid, spara opp ferie og levd enkelt for å spara opp dei 300.000 han måtte ut med for denne turen.

– Forandrer det livet ditt å ha stått på Mount Everest?

– Heilt ærleg, ja det gjer det. Eg sov dårleg eit heilt år etter den førre turen. Vakna og spurte meg sjølv kva som gjekk galt. Everest har vore eit mål sidan eg var liten, og eg tenker at klarer eg Everest, så klarer eg det meste her i livet.