Fleire unge testar alkohol

Det er meir alkohol, snus og røyk blant unge i Finnøy. Ungdata-undersøkinga viser ei auka frå 2016 til 2019.

Onsdag presenterte ei tverrfagleg gruppe frå Finnøy kommune resultata av Ungdata-undersøkinga for elevane på ungdomstrinnet i Finnøy kommune. Der fekk ungdomen blant anna spørsmål om rus.

Sjølv om langt dei fleste unge svarar at dei ikkje har vore tydeleg berusa det siste året, har det likevel vore ein stor auke av dei som har vore berusa ein eller fleire gonger sidan undersøkingane i 2013 og 2016. Årets undersøking viser og at fleire elevar røyker og snuser i dag enn i 2016.

– Dei fleste av elevane som har svara at dei har vore berusa, har vore berusa berre éin gong. Det høge talet er såleis ikkje eit svar på korleis situasjonen verkeleg er. Dei aller, aller fleste drikk ikkje, seier helsesjukepleiar Margretha Kjølvik Berge.

Ungdomskoordinator Vigdis Barstad snakka under presentasjonen på Finnøy sentralskule til elevane om kor viktige vaksne sine haldningar til rus/alkohol er.

– Det er ein klar samanheng mellom unge sitt alkoholbruk og foreldra sitt samtykke til å drikka alkohol, sa ho.

Politikontakt Svend Erik Ellingsen la fram teikn og symptom på rusbruk hjå unge og konsekvensar av rusbruk. Han fortalde at jo tidlegare ein startar drikka alkohol, jo større er sjansen for å komma bort i andre rusmidlar seinare i livet.

Sven Gustafsson ved Rogaland A-senter er ansvarleg for Ungdata-undersøkinga i Rogaland.

– Eg er einig med helsesjukepleiaren i at dette ikkje gir eit fullstendig bilete. Hadde det vore slik at rus er eit tilbakevendande problem blant elevane, ville det mest sannsynleg gitt utslag på enkelte av dei andre spørsmåla, men det er ikkje tilfellet her.