Spelarane vil ikkje trena på den splitter nye banen

Mastra-trenar Bjarne Aske hadde gleda seg til å ta i bruk den nye kunstgrasbanen på Mosterøy. No er han berre fortvila.

– Spelarane mine vil ikkje trena der, så me har flytta treningane våre til grasbanen ved sidan av. Me hadde eit par treningar på kunstgraset i vinter, og då såg knærne ut som blodige kjøttkaker, seier trenaren for A-laget til Mastra.

Årsaka er at Rennesøy kommune valde å bruka sand som fyllmasse i kunstgraset, i staden for gummigranulat. Dette gjer at banen er knallhard i samanlikning med ein bane med granulat. Og no kjem kritikken.

– Me har venta på denne banen, og så opplev me dette. Det er berre trist og det gjer vondt i hjarterota, men mine spelarar vil rett og slett ikkje trena der.

Teknisk sjef i Rennesøy kommune, Bård Ove Pedersen, seier at bestillinga frå politikarane var ein miljøvennleg bane. Difor var aldri granulat eit alternativ. Det har dei siste åra kome kritikk mot bruk av granulat, som er eit gummiprodukt, men han kan ikkje hugsa om kommunen på noko tidspunkt blei åtvara mot å bruka sand som gjer at underlaget blir mykje hardare enn granulat.

– Det er like mange meiningar om sand eller granulat i kunstgras som det er brukarar. Me må ta våre avgjersler basert på fakta, ikkje på kva enkelte måtte meine. Begge klubbane i Rennesøy var med i prosessen med innspel. Om det var farleg å bruka sand i kunstgrasbaner, er det mange rundt om i landet som har valt feil.