«Me skulle teke alle poenga mot Randaberg»

Tre kampar utan tap og Finnøy er i framgang, meiner trenar Sturle Guttormsen.

Finnøy kan vera godt nøgd med utviklinga i sesongen. Etter ein frykteleg start med fire strake tap har laget spela seg til fem av ni poeng på dei tre siste:

Vardeneset 2-1

Bogafjell 3-3

Randaberg 1-1

– Det er framgang. Me har tilpassa oss denne divisjonen og ikkje minst; me har fått på plass betre innsats. Utan det vinn du ikkje fotballkampar. Mot Randaberg skulle me avgjort kampen på alle dei sjansane me hadde i andre omgang. I staden utlikna dei på ein corner to minutt før slutt. Skikkeleg surt, seier Guttormsen.

Hans Runar Eike scora mot Randaberg etter 20 minutt måndag kveld, etter pasning frå Jarle Sigbjørn Eike. Finnøy gjorde fem bytter: Roar Haug ut, Daniel Steen inn 5 minutt. Zsolt Nagy ut, Andrei Langbakk inn 65 minutt. David Stølen ut, Martin Østhus inn 65 minutt. Hans Runar Eike ut, Marton Østebøvik inn 70 minutter. Ianis Kovacs ut, Jakob Steinnes in 95 minutt. Gult kort til Zsolt Nagy

Neste kamp for Finnøy er Havørn heime 13. juni.

– Det er eit lag som me kan spela jamt med, og me ønsker sjølvsagt å vinna, seier Guttormsen.Finnøy har 5 poeng 7 kampar, medan Havørn har 5 poeng på 6, og spelar mot Madla2 før dei kjem til Leikvoll.