øyboer

Øyboer-gruppa fjerna raskt kommunane sine logoar

Politikarar i Finnøy reagerte på bruken av kommunen sin logo på Facebook. No har gruppa «Øyboere i Nye Stavanger» endra sida.

Etter at Øyposten skreivb om saka tidlegare i dag, har gruppa fjerne logoane til Finnøy, Rennesøy og Stavanger kommune. I eit innlegg skriv administrator Cathrine Imsland:

«På grunn av at politikere i Finnøy har reagert på bruk av kommunevåpen inni tegning i gruppens bakgrunnsbilde, har vi nå satt inn en vakkert bilde av solnedgang sett fra Finnøy i stedet. Vi beklager at bruk av kommunevåpen på denne måten ikke var avklart på forhånd og at det kunne oppleves som støtende, dette var overhodet ikke intensjonen og laget i god tro.»

Facebook-gruppa «Øyboere i Nye Stavanger» har frå starten brukt logoen til Finnøy, Rennesøy og Stavanger som heading på si side, ei side der debatten den siste tida har gått høgt om Øyfast-prosjektet.

– Me har fått innspel frå folkevalde i Finnøy som lurer på om denne gruppa har søkt kommunen om å få bruka vår logo, og det har gruppa ikkje. I samråd med prosjektadministrasjonen Nye Stavanger er me no i gang med å vurdere om bruken er innanfor eller utanfor reglane, utan at dette har noko å gjera med kva denne gruppa står for, forklarer rådmann Karin Dokken Austvik.

– Vår oppgåve er å sørge for at reglane for bruk av kommunevåpen blir følgd. Me har ikkje eigen reglar for dette her i Finnøy, men følgjer normalforskrift vedtatt av styret i  Kommunenes Sentralforbund som seier at kommunevåpenet kun kan bli brukt av administrasjonen eller institusjonar som utøver kommunalt mynde. Forskrifta seier også at våpenet ikkje må nyttast slik at det kan oppfattast som eit privat kjenneteikn. Private kjenneteikn kan heller ikkje samanstillast med våpenet.

Dette betyr at ein annan brukar må ha særleg løyve, noko ein må søka om. Rådmannen opplys at det ikkje ligg føre søknader kommunen har sagt ja til. Frå 2014 refererer ho ein søknad om bruk av kommunevåpnet til «privat og kommersiell bruk», ein søknad Finnøy kommune då sa nei til.

– Me samarbeider no med Rennesøy og Stavanger og kjem til å uttala oss samla om dette om eit par dagar, sa ho til Øyposten måndag formiddag, men kort tid etter endra Øyboer-gruppa sjølv sida.