«Eg vil oppfordra folk til å snakka saman»

«Er det slik me ynskjer at yngre generasjonar skal læra og oppføra seg på nett?», skriv Kai Petter Flesjå i dette innlegget om Øyfast.

«Vyrde medbygdingar! Som vår egen Ottar Sandanger ville sagt det.

Etter siste tids meiningsutvekslingar i diverse fora så kjende eg behov for og skriva nokre ord.

Vil starta med å ta sterk avstand frå måten fleire i det siste omtalar kvarandre på, spesielt i diverse sider på Facebook.

Er det slik me ynskjer at yngre generasjonar skal læra og oppføra seg på nett?

Det er frykteleg lett og sittje og skriva ting når ein blir provosert men det blir hogd i stein når ein legg det ut på nett.

Eg vil heller oppfordra til å snakka saman og føra ein sakleg diskusjon.

Når det kjem til skuldingar ang oss som har valgt og stilla til valg og blitt valgt av bygda, så toler me godt sakleg kritikk og uenighet. Det skulle bare mangle.

Er du uenig med oss så velg inn andre!

Men me kan ikkje tola slike utspel som har kome angåande spesielt vår øverst valgte tillítsmann, ordførar Henrik Halleland.

Då vil eg visa til Klepp-ordføraren Ane Mari Braut Nese sin historie dei siste dagane.

Eg trur ikkje det er slike tilstandar me vil ha på Finnøy!

Lykke til med valget av representanter til kommunestyret i Stavanger til hausten.»

Med beste helsing

Kai Petter Flesjå

Kommunestyremedlem Finnøy Senterparti