Tid for å melda seg på Tour of Norway for kids

Sundag 26. mai er det klart for dette kjekke sykkelrittet på Skartveit.

– Me gler oss til å arrangera dette også i år. No er det berre å gå inn på nettsida til Tour of Norway for kids og melda seg på, seier Anita Torp Ørnes hos Joker Skartveit.

Rittet er for dei mellom 0-13 år, og ho legg til at det også vil vera mogleg å melda seg på på butikken same dag.

– Dette er eit flott familiearrangement for store og små , og er det einaste arrangementet i Ryfylke i år. Ta med den sykkelen du har, om det er ein vanleg ein, trehjuling eller sparkesykkel, men hugs hjelm. Ta gjerna med  sysken, tanter, onklar og besteforeldre og lag ein flott heiagjeng for dei små, seier ho.

Under rittet vil Fv610 frå butikken til krysset og bort til bedehuset bli midlertidig stengt. Det er mogleg å legga til med båt ved bryggene til Eidesvik Laks, og parkere bilar ved Halsnøy Bedehus denne dagen.