Finnøy og Rennesøy treng ingen særordningar

Jan Terje Vignes (H) stemte i Fellesnemda mot at dei to småkommunane skal ha eit utvida lokaldemokrati.

Det var kanskje overraskande for mange at det var to lokale Høgre-representantar, Jan Terje Vignes frå Finnøy og partikollega Elin Schanche frå Rennesøy Høgre, som var ein del av det vesle mindretalet som ikkje ville gi kommunedelutvala i Finnøy og Rennesøy eit slikt utvida mandat.

-Eg prata litt med Schanche i forkant av møte, og eg valte å støtta henne og hennar argumentasjon i saka. Politikarane i dei respektive utvala og det nye kommunestyret i Stavanger, vil ta godt vare på oss og setja seg godt inn i dei lokale sakene som gjeld vårt nærområde. Då er det bra at ein har litt avstand til lokale forhold og evnar å ha både ei administrativ og politisk profesjonell og objektiv tilnærming til sakene, seier han.

-Eg er oppteken av at alle skal behandlast likt, og at dei ulike bydels- og kommunedelsutvala skal eit felles mandat. I tillegg er eg redd for at dette fører til meir byråkrati i form av både lengre saksbehandling, og auka ressursbruk. Men for meg er ikkje dette noko veldig stor sak, ettersom det også berre blir ei prøveordning. Så får ein då evaluera det heile når kommunestyreperioden er over. Men det blir ikkje mi sak, seier Vignes, som har bestemt seg for å gå ut av lokalpolitikken.