FRODE MYRHOL44

«Eg har ikkje sagt noko om tilsette i Finnøy og Rennesøy»

Stavangerpolitikar Frode Myrhol meiner han er misforstått av lokalpolitikarane frå Rennesøy og Finnøy.

I møtet i Fellesnemda på måndag fekk Myrhol på pukkelen etter sitt innlegg om utvida lokaldemokrati for småkommunane. Her ordla han seg på ein måte som fekk fleire til å tru at han meinte folk i Finnøy og Rennesøy ikkje hadde tillit til dei tilsette på rådhuset. Både Per A. Thorbjørnsen, Bjarne Kvassheim, Dagny Sunnanaa Hausken, Christine Sagen Helgø og Henrik Halleland gjekk på talarstolen og ba Myrhol om å trekkja sin karakteristikk av administrasjonen i Finnøy og Rennesøy tilbake.

No forklarer Myrhol til Øyposten kva han eigentleg meiner:

-Eg sa at politikarar frå Finnøy i møter har sagt dei er glade for å komma inn i Stavanger, som har ein stor og profesjonell administrasjon.

-Ikkje at dei mangla tillit til sine eigne tilsette i Finnøy og Rennesøy?

-Nei, det har eg inga formeining om. Det einaste eg tenker om tillit er dette; om politikarane ser fram til ein profesjonell administrasjon i Stavanger, kvifor krev dei meir makt enn bydelsutvala i byen har i dag? Kvifor er det viktig at bydelsutvala skal ha innstillingsrett – ikkje den profesjonelle administrasjonen?

-Har du snakka uklårt frå talarstolen eller har dine kollegaer i Fellesnemda misforstått?

-Dei må ha misforstått, og det prøvde eg etterpå å klare opp i.

Dei to finnøypolitikarane, Arne Madland (KrF) og Ove Klingsheim (Venstre), har vore medlemer av prosjektgruppa som har arbeidd med spørsmålet om nærdemokrati i den nye kommunen.

– Eg kjenner meg på ingen måte igjen i Myrhol sine kommentarar, seier Arne Madland.

– Det er svært beklageleg at  han brukar det som eit argument for å gi mot å gi kommunedelutvala i Rennesøy og Finnøy eit utvida mandat i forhold til dagens bydelsutval.

Arne Madland seier han også har gitt uttrykk for at det ville vera ein styrke å ha ein større og breiare administrasjon med høg kompetanse å forhalda seg til.

– Mest fordi me som politikarar ofte har litt for nære relasjonar i fleire av dei sakene som eksempelvis eg som medlem av  Forvaltningsstyret er med å behandlar. Det var nettopp slike forhold som var grunnen til at Finnøy kommune også for nokre år sidan, valte å få til eit felles barnevern med Randaberg. MEN, igjen, det betyr ikkje at me ikkje har tillit til administrasjonen. Det er noko heilt anna, slår han kategorisk fast.
– Difor er eg også veldig glad for at både Jostein Eiane (Kr.F) og Per A. Thorbjørnsen (V) har gått på barrikadane å kjempa for nettopp dei sakene som underteiknande og Klingsheim ikkje fekk fleirtal for tidlegare i denne prosessen, seier Madland.

Han er både indignert og veldig skuffa over at representanten Myrhol brukar deira tilnærming til denne saka på ein slik misvisande måte.

-Difor vil eg også ta dette opp med Myrhol ved første anledning, avsluttar Madland.

Også finnøyordførar Henrik Halleland er kritisk til Myrhol sine utsegn frå talarstolen i Fellesnemda:

– Ole Klingsheim og Arne Madland har i utvalet heile tida jobba for vår sak, utvida lokaldemokrati for Finnøy og Rennesøy, og dei har ikkje sagt det Myrhol hevdar dei har sagt. Han burde trukke sine utsegn då han hadde sjansen.