Påstander og ”fakta” om Øyfast

Tor Inge Østebø kommenterer tidligere innlegg i Øyfast-debatten.

Pål Rune Grønås har i sitt innlegg i Øyposten 9. mai lista opp ein del påstandar og fakta. Det meste av dette har han tidlegare skrive på facebookgruppa Øyboer i nye Stavanger. Den som ser etter der vil sjå at både påstandar og ”fakta” er forteikningar av ein mykje meir nyansert og vidtfamnande diskusjon.

Utover det let eg det meste stå ukommentert, men ang påstand og motsvar nr 6 tenkjer eg det vil vera  nyttig med ei oppklaring.

Ingen har påstått at det var vedtak på at bommen skulle fjernast i 2021. Om det i eit enkelt debattinnlegg vart skrive ”ble lovet” når vedkomande meinte ”ble forespeilet” er det greit å sei ifrå om det ein gong, og så lata det vera med det. For sjølve saka er jo at det er både fornuftig og legitimt å halda seg til prognosar utrekna på grunnlag av dokumenterte trafikktal. 2021 var eit årstal som tidleg vart sannsynleg, og som låg til grunn for at styret for Finnfast søkte om reduksjon av prisane i 2010. Allereie frå 2010 vart talet 2021 ōg nytta av eigedomsforvaltarar ifm sal av tomter og bustader på Finnøy.

Stortingets elbilpolitikk var aldri endeleg utforma, slik Grønås baserer sine utrekningar på. 2017 var eit år då elbilpolitikken skulle tas opp til ny vurdering. Ut frå uttalelsar i media såg mange det ikke som utenkjeleg at elbilar skulle reise gratis, eller i alle fall mykje billegare enn fossile bilar, ōg utover 2017. Og full takst på elbilar, som Grønås legg til grunn, var det vel ikkje mange som trudde på. Det var altså fullt legitimt å forventa lågare takstar for elbil langt utover 2017.

Men det som meir enn noko anna gjorde at mange ”tok sjansen” på å byggja eller kjøpa hus på Finnøy, var forutsetningane i Stortingsproposisjonane ang Finnfast om at Finnfast ikkje skulle finansiera andre prosjekt. Desse dokumenta er dei jurdisk gyldige dokumenta i ”handelen” om Finnfast. I handel er det slik at når kontrakten er underskrive, er ōg prisen sett. Ein person eller ei gruppe med stor makt kan utnytta svakare grupper som ingen står opp for, og krevja det dei vil. Men fint er det ikkje. Mange av dei som gjorde sine økonomiske og sosiale val ut frå Stortingsproposisjonane, kjenner no på at dei vert lurt, at avtalar vert brotne og ikkje respektert. Slikt skaper mistillit og vonde følelsar og medfylgjande dårleg stemning. Det er vel ikkje slik vi vil ha det i Norge og i kommunen vår?

Til samanlikninga av 4-5 månader i Rennfast med maks 1000 kr. pr månad, med 7-8000 kr i månaden i fem år i Finnfast må ein seia at her manglar fullstendig perspektiv og kontakt med folks kvardagsøkonomi.

Eg vonar verkeleg at arbeidet med Øyfast tek ei betre retning som dei fleste i kommunen kan stå saman om, og utan ein hensynslaus finansieringsplan som rammar urimeleg og vilkårleg dei som ikkje har vunne i lotteriet om arbeidsplassar i kommunen, eller som ellers har særleg store behov for reiser gjennom Finnfast.

Tor Inge Østebø