Ordføraren sitt svar til Erik Astad om Øyfast

Svar på ope brev til ordførar frå Erik Astad.

Hei Erik,

Takk for gode spørsmål.

Når det gjeld Øyfast, er det viktig for kommunen at det blir stilt spørsmål, slik at debatten ikkje blir basert på uriktig grunnlag. Først har eg lyst til å sei at eg deler din betraktning av Finnøy sin økonomiske situasjon dei siste åra. Det økonomiske handlingsrommet har vore lite. I 2014 kom diskusjonen om kommunereform og samanslåing. Her var ein utfordrande økonomi eit av dei store spørsmåla for framtida.

Politikk dreier seg mykje om prioritering, og det er kommunestyret som har siste ordet. Når me ser på prosjektet Øyfast så har det hatt høg prioritet i lang tid. Etter at samanbinding av Fisterøyane ikkje blei gjennomført, var Rogaland Fylkeskommune klare på at dei ønska gjennomgang av samferdsel i heile Finnøy kommune.

I førre kommuneplanprosess, vedteken i 2015, var Øyfast og finansiering nemd. I arbeidet med intensjonsavtalen med Stavanger og Rennesøy står det følgjande:

“Den nye kommunens langsiktige mål er å jobba for regional og statlig støtte til prosjektet “Øyfast” som vil gi de bebudde øyane i Finnøy fastlandsforbindelse mot Nord-Jæren. Forutsetninga er omprioritering av fylkeskommunale kollektivmidler som ferjeavløysingmidlar og hurtigbåtaavløysingsmidlar, samt bompengefinansiering på Hanasand”.

Både kommuneplanen og intensjonsavtalen har vore opne prosessar med brei innbyggarinvolvering. I samband med kommunereforma kunne samanslåingskommunar søkja kommunaldepartementet (KMD) om pengar til samfredselsprosjekt i kommunar som skulle slå seg saman. Dette blei gjort og KMD tildelte 1 mill til vidare utgreiing av traseear i Øyfast som kan vurderast innarbeida i kommuneplanen sin arealdel. Pengane og jobben blei tildelt Nye Stavanger kommune ikkje Finnøy kommune.

Så til begrepet “solidarisk”. Eg har ikkje brukt dette ordet i debatten som du skriv i ditt brev. Eg har jobba etter kommunestyrevedtak i denne saka. Som ordførar kan eg ikkje styra kva enkeltrepresentantar har av utspel til debatten. Det får dei stå for sjølve.

Øyfast er eit prosjekt som har høg prioritet i Finnøy og som er vårt svar på dei utfordringane dei ikkje- landfaste øyane står over for. Eg forstår alle som har spørsmål til finansieringa av prosjektet. Her er på ingen måte alle ting ferdig. Eit så stort prosjekt treng mykje meir utgreiing før endeleg vedtak.

Vidare til spørsmåla som går på spesifikke økonomiske tal:

Finnøy kommune har brukt følgjande på Øyfast-prosjektet:

2015: Rapport – finansiering av Øyfast, IRIS          kr  62 000

2019: Eigenandel av statlege midlar                         kr 120 000

I tillegg har ein på vegne av nye Stavanger nytta tildelte statlege prosjektmidlar (kr 1 mill., vedtak

Fellesnemnda sak 19/17) slik:

2018: tildelt anbod til Norconsult              kr 762 970 i 2018

2019: tildelt anbod til Norconsult              kr 358 500 hittil i 2019.

Med helsing

Henrik  Halleland ordførar