(arkivfoto)

Kommunalsjef Bleie Skeiseid inn i stab under tidlegare rådmann Ohm

Kommunalsjef for Helse og omsorg i nåverande Finnøy kommune, Heidi Bleie Skeiseid, får gjensyn med tidlegare rådmann i Finnøy, Helene M. Ohm, når ho no er blitt tilbydd stillinga som avdelingsleiar for «Helsestasjon og skulehelsetenester» i «Fagstab oppvekst og utdanning» i Stavanger kommune.

Helen M. Ohm har nemleg i vel to år no vore tilsett som direktør for oppvekst og utdanning i Stavanger. Den nye storkommunen blir som kjent ein realitet frå 1. januar neste år. Som Øyposten tidlegare har gjort kjent , så er Anne Woie tilsett som ny næringssjef i Stavanger,og vil såleis ha det øverste administrative leiaransvaret for den viktige blågrøne satsinga i Finnøy og Rennesøy. Det skal likevel gjennomførast ei ekstern utlysing på stillinga «Næringsforvalting landbruk og havbruk», eller ein såkalla seksjonssjef for desse to blågrøne næringane.