SAM_2008

Jordbruksoppgjerdet: Kraftige stimuli til auka satsing i frukt og grøntnæringa

Torsdag vart partane i jordbruksforhandlingane einige om den økonomiske ramma for årets jordbruksoppgjerd. Ramma er på 1240 millionar kroner, og skal gi bøndene ein inntektsvekst på 6,25 prosent, eller omrekna til 20600 kr per årsverk. Den store vinnaren i årets oppgjerd, er frukt og grøntnæringa.

Elisabeth Morthen, direktør i frukt, grønt og bærprodusentane sitt eige samvirke Gartnerhallen, synest jordbruksavtalen er gledeleg lesing for desse næringane. Til avisa Nationen, gir ho tydeleg uttrykk for at dette er eit markant skilje mot ei betydeleg satsing og tilrettelegging for innovasjon og ny teknologi i frukt- og grøntsektoren.

Av konkret tiltak kan nemnast: 65 millionar kroner vert øyremerka nye investeringar i grøntsektoren gjennom den såkalla IBU-ordninga.(Investerings- og bedriftsutviklingsordningen)

9 millionar kroner av dette vert øyremerka til produsentar som ynskjer å etablera småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær.

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologutvikling i landbruket vert styrka med 10 millionar kroner til 87 mill. kroner. Teknologiutvikling og investeringar i grøntsektoren blir prioritert.

Berre 249 millionar kroner av den totale ramma blir teken ut i form av auka prisar. Det skal gi ein prsiveks på 1,5 prosent for varer som er inne i den såkalla målprisordninga. For varer utan målris vil prisveksten vera 1,2 prosent. Sama sett vil dette då liggja betydeleg under det som ein reknar med vil bli den generelle prisveksten i landet.

Det ligg også inne ein auke i distriktstilskotet på mjølk på fire øre per liter, medan det berre er lagt opp til ein moderat, eller ingen auke i målrisane for storfèkjøt, svinekjøt, lam,egg og mjølk. Storparten av inntekstauken til bøndene kjem då i form av auka tilskot.Tilskotsauken er på 720 millionar kroner.