Evig ung

Om eit brennande engasjement held deg ung, så kjem Kristian Spanne til å få eit langt liv.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Ofte kan du høyra

Kristian før du ser han. No sit han ved bordet og veivar med armane for å understreka eit poeng.,- Eg kjenner meg ikkje gamal! Ikkje i det heile tatt! Hovudet vil mykje, det er kroppen som slit litt med å halde følgje, det er det som er problemet mitt, hahahaha…..,

Likar du ikkje latter

og energi, så vil du slita med å vera rundt Kristian. Han boblar over av tankar, idear, gamle historier og nye planar. Eg blir litt nysgjerrig på korleis det ser ut på innsida av det hovudet. På utsida sitt den grå luggen enno godt fast, men inni kan du sjå for deg ein versjon av nisseverkstaden litle julaften – spinnvill aktivitet på høygear.,- Åååå, eg skulle gitt mykje for å vore 40 år! Då skulle du sett på guts og gass!,- Har du alltid hatt denne energien?,- Ja. Og eg er veldig utolmodig. Du veit, me lærte tidleg å jobba. Det er viktig. Arbeidsglede har eg alltid hatt. Ikkje grua meg til ein einaste dag på jobb. Jo meir eg har å gjera, jo betre er dagen min. I går var eg på klimakonferanse i Stavanger, og møtte masse spennande folk. Eg slit med at det er for lite timar i døgnet. No jobbar eg ikkje 15 timar kvar dag, men må klare meg med halvparten, hahaha….,

Spanne.

Der var starten hausten 1946. Mor og far dreiv ein middels stor gard, og hadde Kristian og Gunvor. Som ungar på den tida lærte dei tidleg å jobba. 12-åringen Kristian kunne ta ansvaret for fjøset med 20 kyr aleine. Sett bort frå arbeidet var dagane fotball og skule.,- Far var ikkje så interessert i fotball, men han organiserte kampar for oss. Først var ungane i nabolaget med i gulrotproduksjonen, og så var det fotball i premie etterpå, fortel Kristian, som etter kvart starta i idrettslaget og fekk med seg kampar på A-laget.,- Me sykla til skulen på Reilstad og til trening på Leikvoll. Sundagane sykla me ned til Judaberg for å sjå på lokalbåten eller kjøpe is hos Martha Aas. Eg hadde ein fin oppvekst.,

Guten ville bli dyrlege.

Det var plan A. Så traff han Eli og dei blei forlova alt i russetida. Då var det ikkje så aktuelt å reisa til Tyskland for å studera.,- Eg sette meg opp to alternativ, enten studera kjemi for å gå inn i olja, eller data. Eg ville ha eit yrke med framtida føre seg, og det blei data – eller EDB som me kalla det. I 1970 var det i Stavanger tre datamaskinar. IBM sitt datasenter hadde ein, Bjelland ein og på Sola flyplass sto det ein. Ein datamaskin var svær, der sjølve hjernen var 1 x 3 meter, og blei sett på eigne spesialrom for å kjøle den ned. Dataoperatørane gjekk i kvit frakk og var veldig viktige personar.,- Tenkte du på at du var i fremste rekke i ein teknologisk revolusjon?,- Nei, me hadde det berre kjekt. Eg jobba i noko som heitte Rogaland Interkommunale Dataselskap, RIDS. Lange dagar som kunne bli lange veker. Eg kunne gå på jobb måndag og komma heim laurdag ettermiddag. Sov på ein sofa på kontoret.,

Cv-en til Kristian

er rikhaldig og spennande. Frå RIDS gjekk turen til Aker Contracting, der han var EDB-ansvarleg og så til IBM, der han blei salgssjef for regionen.,- Der fekk eg eit tilbod som kunne snudd opp ned på livet, men då måtte eg til Paris i tre år og flytta til Oslo etterpå.,- Og det er jo ingen som gjer frivillig?,- Neinei…Men kona sa nei, heldigvis.,Han fekk i staden direktørjobb i Eik Maskin AS, der han var i sju år før sjefen tok han med til en salgsdirektørjobb i Kverneland.,- Eg hadde jo aldri drive med eksport før, men eg har heller aldri vore redd for noko, og har nok sagt ja til meir enn eg skulle. Men det gjekk bra. Så blei eg spurt om å ta jobben med å snu Kverneland Underhaug og der hadde eg den kjekkaste tida i mitt yrkesliv. Selskapet omsette då for 200 millionar og gjekk 28 millionar i minus. Det første året fekk me 6 millionar i pluss og det andre 19,6.,- Kva grep tok du?,- Eg involverte meg i produksjonen, nede på gulvet. Sette mål for kvar månad og feira med kake kvar gong me nådde dei. Det handla mykje om motivasjon. På kontoret fekk alle gratis kaffe, men i produksjonen måtte dei betale fem kroner koppen. Eg ga alle gratis kaffe og fjerna skilta som reserverte parkeringsplassar til direktørane. Eg inviterte dei til Spanne. 160 tilsette i fleire bussar rulla opp på tunet og me hadde lapskaus, øl og akevitt i garasjen. Dei snakkar om det enno, hahaha… Du veit, dei fekk det plutseleg kjekt på jobb. Då kom det resultat og auka stoltheit. Me hadde nesten ikkje sjukefråvær og det blei ein suksess. Som leiar har eg alltid vore oppteken av det sosiale. I RIDS laga me ein klubb som me kalla «9F».,- 9F?,- «Foreningen for fremme for forsømte fruar forsørget av firmaets funksjonærer». Me hadde eigen logo og brevark. Eg var ministerpresident. Mange fine festar, hahaha….,

Kristian hadde teke

over heimgarden i 1974, men han, Eli og dei tre jentene budde på Madla. Kristian var ein fråværande far, slik mange fedre på den tida var. Det var jobb. Mykje jobb. På Reime-fabrikken på Nærbø og seinare som banksjef i SR-bank på Judaberg, før han starta Innovasjon Ryfylke, der han er einaste tilsette.,Men ein dag i oktober for seks år sidan fekk han gult kort av kroppen.,- Eg satt føre pc-en på jobb, men merka at den venstre handa mi ikkje ville vera med over tastaturet. Eg skjønte at eg opplevde eit lite slag.,- Lege?,- Nei, eg var jo på jobb. Men eg snøvla på telefonen, og då eg køyrde heim etter eit møte og klokka var ti om kvelden, så var det så vidt eg ikkje køyrde i grøfta. Kona sendte meg sjølvsagt til legen og eg var heime fire-fem dagar.,- Korleis var det etterpå?,- Det blei ei vanskeleg tid. Hovudet hang ikkje med. Alt som før var lett, blei vanskeleg. Ein tekst som skulle ta ti minutt, kunne eg bruka ein halv dag på. Ingenting var gøy meir. Eg blei sur og irritabel, og var nok ikkje lett å vera rundt på den tida.,

Det vara i to år,

men plutseleg ein dag fall alt på plass att.,- Vel nokon meiner nok at det aldri har vore heitl på plass, hahaha…,Kristian fungerer og kan jobba. Men;,- Etter slaget er eg blitt så utruleg lettrørt. Eg tek til tårene. Legen seier det er heilt vanleg, men det er ikkje greitt for meg. Eg kan få noko medisin, men det vil eg ikkje ha. Eg kan ikkje halde ein tale meir, eller skryta av nokon, for då kjem tårane, fortel han.,Kristian er i den alderen der helse ikkje lenger er sjølvsagt. Han rullar opp genseren og viser meg apparatet han går med. Over brystkassen er det teipa opp eit virvar av ledningar og boksar.,- Dei vil måla hjarterytmen min, og den går litt i hytt og gevær. Men eg treng ikkje pacemaker, men eg kjenner meg i god form.,

Førre veke fekk

han ei god nyheit: Det kan bli biogassanlegg i Finnøy. Det er eit prosjekt han og gode medarbeidarar har jobba med i 10 år. Slikt testar tålmodet til ein mann som er notorisk utålmodig. Han har ingen planar om å setta ned tempoet. Ein god dag er ein travel dag.,Og hovudet fungerer. I nisseverkstaden er det full fart. Han har meiningar om det meste, og veit at han nokre gonger kan ta stor plass.,- Eg veit et eg kunne tent på å halda kjeft, men klarer det ikkje. Stikk du nasen fram, så kan du få den kappa av. Det kan vera litt leit, men eg bryr meg ikkje så valdsamt. Det er mange som meiner eg er ein tulling som meiner for mykje, smiler han – og siterer Kong Harald;,«Det er viktig å se muligheten i ethvert problem, ikke problemet i enhver mulighet»,- Heilt sant, ikkje sant? hahaha……,

Edd Meby

Publisert: