Ellen Kalvig under opning av Dalstroka innafor på Ottohuset 8 mai 2019

Ryfylke på veggene på Otto-huset

Kunsten til Ellen Kalvig er matt og fargerik, stort og smått, lunt og dramatisk, naturen sett i alle drakter.

8. mai opna Ellen Kalvig si utstilling «Dalstroka innafor» på Otto-huset. Ho har atelier like ved Suldalsvatnet, og det er tydeleg at naturen i fastlands-Ryfylke har påvirka kunsten. På veggene på Otto-huset kan ein nemlig sjå stort og smått frå den lokale naturen: frå høgreiste bergvegger til floger og fossekallar. Det er også noko namnet på utstillinga, «Dalstroka innafor», referer til.

-Eg har jo alltid kjent på eit veldig sterkt band til Ryfylke, så det er jo klart at det får plass i kunsten min. I tillegg så er eg jo omringa av naturen ved atelieret, og det må jo påverke kva eg lagar. Ei stund lagde eg mange bilete med den same blå-grøne fargen, og det ga plutseleg meining då nokon påpeika at det var den same fargen eg hadde i taket på atelieret, seier Kalvig.

At ho kjenner Ryfylke svært godt er det ingen tvil om. Frå vindauget på Otto-huset kan ho peike ut og namngje kvar ein nut som sola seg i aust, og ho veit nøyaktig kvar ho har henta motiva til bileta.

-Det er mange som heng seg opp i kvar motiva er henta frå. Det er ikkje så viktig, synest eg. Det er jo heller det ein ser og kva det vekker i deg som bør vere fokus.

Det er et godt poeng, for det er ikkje reine, fotografiske avbildingar ein får sjå på utstillinga. Det er matt og fargerikt, stort og smått, lunt og dramatisk, naturen sett i alle drakter. Ho har bruka grafiske teknikkar som til dømes tresnitt, litografi, og serigrafi, i tillegg til manipulerte foto, ofte fleire av dei i samspel i eit bilete. Då ho forklarte prosessane i detalj tok det long tid før ein forstod framgangsmåten, men svært kort tid før ein forstod at det var resultat av handverk som krav tid og nøyaktighet for å framstille det bilete ein har sett føre seg i hovudet. Utstillinga er open kvar onsdag, laurdag og søndag fram til og med 8. juni.