Ordførarar Finnøy og Rennesøy

Meir nærdemokrati til kommunedelutvala i Nye Stavanger

Etter møte i Arbeidsutvalet for Nye Stavanger i går, onsdag, kan det synast som om det er eit solid fleirtal mellom politikarane til å gi dei mykje omtala kommunedelutvala i Finnøy og Rennesøy ein utvida innstillingsrett. Då i forhold til kva som er vanleg i dei respektive bydelsutvala i Stavanger i dag.

Saka kjem opp til endeleg behandling når i Fellesnemda har sitt møte på Utsyn førstkomande måndag.
-Dagens Rennesøy og Finnøy kommune mistar både formannskapet, kommunestyre og alle andre politiske hovudutval, og blir berre sitjande igjen med kvar sitt kommunedelutval. Då er det det minste me kan gi tilbake at dei i alle høve får ein litt utvida innstillingsrett, påpeika Per A. Thorbjørnsen frå Venstre . Han og Venstre har alt frå dag ein i denne samanslåingsprosessen vore tydeleg på å styrka nærdemokratiet i den nye kommunen gjennom ei slik ordning. No ser det ut til at han også får med seg dei fleste andre av dei politiske partia som er representert i Fellesnemda. Berre Rennesøy Høyre, representert ved Elin Schanche var imot ei slik «særordning», som ho kalla det.
-I den nye kommunen er det viktig å behandla alle likt, fordi eg fryktar at dei nære relasjonane som då ofte er i slike små samfunn igjen kan utfordra habiliteten til dei som sit der, påpeika ho.
-Det er viktig at me då også gir den same innstillingsretten til andre bydelsutval i kommunen, påpeika Kari Nesse Nortun frå Arbeiderpartiet , som understreka at ho kunne vera med på ei slik prøveordning i den første kommunestyreperioden. Då under føresetnad av at partiet fekk med eit eige punkt som omhandla dette i den vidare prosessen.
-Eg støttar Ap i dette, og så er det no slik at det vil vera skilnad på saker som skal behandlast i eksempelvis Rennesøy og Finnøy i forhold til Storhaug og Madla. For eg reknar ikkje med at saker som vedkjem beitelova vil skap det store engasjementet i desse bydelane, repliserte Cristian Wedler frå Fr.P.

-Eit viktig punkt i intensjonsavtalen
Prosjektrådmanne hadde lagt fram både eit alternativ A, som er meir i tråd med dagens mandat til eit bydelsutval, men også eit alternativ B med eit utvida mandat. Då med ein eigen innstillingsrett som omhandlar fleire konkrete saksområde som særleg relaterer seg til spesifikke forhold som er naturlege i distrikts- og landbrukskommunar som både Rennesøy og Finnøy slik me kjenner dei i dag. Dette er forhold som er knyta til både viltlova og forvaltning av naturvernlova. Lov om konsesjon og erverv av fast eigedom, odelslova, skogbrukslova, beitelova og lov om akvakultur.
Men også stadnamnlova, og fastsetjing av gate- og vegnamn er peika på som viktige for kommunedelutvala i Rennesøy og Finnøy. Det er nestleiar i Arbeidsutvalet og Fellesnemda, Jostein Eiane frå KR.F, som har utforma forslaget som no ser ut til å få fleirtal. Både ordførar i Rennesøy, Dagny Sunnanå Hausken, kollega Henrik Halleland i Finnøy og varaordførar, Odd Bleie frå Senterpartiet, peika på at dette var ei av dei viktigaste sakene å få landa før ein no går til val på ein ny kommune. -Nærdemokratiet er overordna viktig for oss i Senterpartiet, påpeika rennesøyordføraren, medan partikollega Bleie frå Finnøy, viste til at dette også var eit sentralt punkt i intensjonsavtalen.
-I Kr.F er me oppteken av å byggja demokratiet nedanfrå og oppover. Difor har det området som omhandlar nettopp dette vore særs viktig for oss i heile denne prosessen. Me har sett ei utvikling i mange av dei store og viktigaste oppgåvene som kommunane er sett til å løysa, at det må gjerast gjennom samarbeid og i form av større kommunar. Men i heile denne prosessen, har det vore avgjerande viktig for oss i Kr.F å styrka lokaldemokratiet så langt det let seg gjera. Både i forhold til delegasjonsreglementet, men også i forhold til kva saker som er viktig for den enkelte og sitt nærmiljø.
-Skal der vera nokon vits å sitja i desse utvala, så må dei ha noko interessant å jobba med og føla litt at på at dei har innflytelse. Elles blir det ingen som vil driva politikk på dette planet, åtvara rennesøybuen Tor Bernhard Harestad frå Fr.P. Dermed kan det synast som om der vil bli fleirtal for ein utvida innstillingrett i ein del konkrete saker for desse kommunedelutvala i den nye storkommunen.