fisk2

«Rå fisk smakar nesten ingenting…»

Ungane i Hesby barnehage fekk testa smakslaukane saman med Ryfylkekokken og Arne Brimi.

Frode Selvaag og Arne Brimi var i dag på oppdrag i Finnøy for Norsk Smaksskule, eit prosjekt for å fremma matkultur og den gode smaken. Dei tok med seg ungane i Hesby barnehage ned i fjæra for å laga mat, og då var det kveite på menyen.

-Vil de smaka? spør Frode Selvaag.

-Neiiiiiii!!!

Men minuttet etter sitt skeptiske ungar og eter rå kveite. Utan å grina på nasen.

-Kva smakar det, vil Ryfylkekokken veta.

-Ingenting!!!!

-Det er heilt rett. Det er nesten ikkje smak av rå fisk, seier han.

Bålet brenn frisk og ungane får vera med å tilberede kveita som skal grillast. Ramslauk gir den rette smaken, eller….?

-Æsj!

Velvel, når dei får servert den ferdige kveita, vil nok oppfatninga snu.

-Det blir laga mykje god mat i norske barnehagar, men målet med eit opplegg som dette er å gjera ungane og dei tilsette enda meir bevisste på matkultur. Og så er det viktig å trena ungane til å smaka, slik at dei sett pris på god smak, seier Frode Selvaag.