PORTRETT

Gnagsår og plikt

PORTRETTET: Vil du vita korleis du går fram for å bli leiar i 17. maikomiteen? La oss spørre årets utvalde.

– Eg blei berre spurt. Det var det einaste vervet i komiteen som var ledig, så måtte jo nokon ta på seg jobben. Det er jo ikkje akkurat kamp om slike verv, svarar Vibecke Ree Heimark.

– Meir plikt enn lyst?

– Det er kjekt å involvera seg der ungane er, så slik sett er det lyst, men sjølvsagt er det plikt også.

Slik blir du leiar i idrettslaget. Leier i burettslaget. Sjefen for dugnaden. Du er den som kjenner mest på plikten. Dei andre er flinkare til å sjå ned i gulvet eller ignorera det sosiale trykket. Vibecke har vore klassekontakt og FAU-leiar, så ho veit korleis dette verkar. Så no har ho ansvaret for at dei rundt 800-1000 innbyggarane på Finnøy får den feiringa av nasjonaldagen dei krev. Med seg har ho ein stab på heile 30 foreldre.

– Det er 7. trinnet på skulen som har ansvaret, og i år er det eit veldig lite kull med berre 16 elevar, så det er mykje på den enkelte.

– Kva er din jobb?

– Eg skal sørga for at alt går etter planen, halde oversikten og samarbeide med ei sju andre i komiteen. Me hadde siste møte i går, og eg trur me har god kontroll.

– Enn på sjølve dagen?

– Eg skal i alle fall ikkje på scena eller halde tale, og det er eg veldig glad for. Stort sett skal eg berre halde i trådane.

Så folket kan slappe av, det blir ein tradisjonell 17. mai. Men etterpå. Etter folketoget, bilkortesjen, kyrkja, underhaldninga, pyntinga, lekene og alle kakene. Etter det skal det ryddast i Fleirbrukshallen.

– Me har fått nokre frivillige hjelparar, sjølv om me gjerna kunne vore fleire.

Før i tida handla Vibecke sin nasjonaldag mykje om tog og gnagsår. Slik er det å spela i korps. Ho vaks opp på Madla. Eit år spela ho handball, men ho var ikkje noko idrettsjente. Men ho hadde ein stor fantasi, likte dans og skodespel. Far satt i styret i Hafrsfjord skolekorps, og vesle Vibecke marsjerte rundt saman med dei gule og brune uniformane frå ho var tre-fire år.

– 17. mai var alltid ein hektisk dag, kan eg hugsa. Men eg kan skjønna dei som ikkje likar korpsmusikk.

– Det gjer ikkje eg! Kva betyr dagen elles for deg?

– 17. mai er viktig, og eg meiner me skal ha i mente nasjonalkjensla og kva dagen betyr. Litt rom for ettertanke bør det vera denne dagen.

– Har du bunad?

– Ja, eg har faktisk ein bunad utan broderi.

– Du er ikkje mykje redd for å bli teken av bunadspolitiet?

– Den er inspirert etter gamle mønster, så eg håpar det kan gå bra, smiler ho.

– Korleis er familietradisjonane når du ikkje er leiar av komiteen?

– Då har me sett på kortesjen og hatt ein god frukost. Så har me vore i hallen og sett på arrangementet. Etterpå har me gjerna hatt vener på besøk.

Av utdanning er ho sjukepleiar, og det har ein heilt spesiell bakgrunn.

– Eg miste mor då eg var 15 år. Det blei ei livskrise for meg. Då eg var 18 flytta eg i leilegheit og kjøpte meg bil. Eg blei bråvaksen. Ei vanskeleg tid som har forma meg. Det å sjå ei kreftsjuk mor gå bort, gjorde at eg bestemte meg for å bli sjukepleiar. Det var ein måte å sjå mi eiga redsle for sjukehus og sjukdom i auge, og handtera sorgen på. Men sjølv om eg blei sjukepleiar visste eg at eg ikkje skulle jobba med det heile livet, seier ho.

– Kvifor ikkje?

– Eg har alltid vore eit naturbarn, likt å vera ute og elska dyr. Tankane mine gjekk mot alternativ behandling av folk si helse og kva kroppen kan gjera for å ordna opp sjølv. På sjukehuset blei det mindre tid til å spørre pasientane korleis dei hadde det. Piller blei måten å hjelpe dei på.

Dei siste 10 åra har ho jobba som terapeut. Ho har starta bedrifta Sanse Helse, der ho byr på alt frå yoga, behandling og kurs, til kajakkturar og meditasjon.

– Hjelp til sjølvhjelp, vil eg kalle det. Det er viktig å sjå heile menneske når eg skal forsøke å hjelpa. Me er jo vante med å bli fiksa i helsevesenet, men ofte kan årsaka ligga djupare. Mange tør ikkje kjenne etter. Ein traust bonde er vant til å ha vondt, så han bit tennene saman, seier ho.

Ikkje veit eg, for eg jo aldri sjuk, men den bonden høyrast då ut som ein mann…?

– Ja, kvinner er generelt flinkare til å kjenna etter korleis dei har det og tenker nok i større grad på konsekvensar av å ikkje gjera noko med eit problem. Å bite tennene saman og berre tola smerte kan setta seg i kroppen som stress og kronisk verk. Eg trur på at sinnet vårt kan styra viljen, til dømes gjennom yoga og meditasjon. Eg driv som terapeut og yogalærar, men akkurat no jobbar eg på Rogaland A-senter med folk med rusproblem. Eg trur ein kombinasjon av skulemedisin og alternativ behandling kan hjelpe dei, og er glad for at eg får bruka mi erfaring der.

– Er folk skeptiske når du forklarer din filosofi?

– Det kjem an på kven du snakkar med. Det treng ikkje vera ein konflikt mellom det tradisjonelle og det alternative.  Me bør bruke det beste frå alle greiner, og vera audmjuke for den fantastiske og finstemte kroppen vår som kan helast på mange vis.

I 2914 flytta ho og familien til Finnøy og Vibecke fekk realisera draumen om eit småbruk på landet.

– Det tok tid å få mannen min til å skjønna kor viktig dette var for meg, ler ho.

– Me leita lenge før me kjøpte denne staden på Flesjå. Sanse Helsegaard er eit gamalt ombygd hønsehus som me har pussa opp. Her leiger me ut til kurs, konfirmasjon, dåp og minnestunder, til dømes.

– Korleis var møtet med Finnøy?

– Eg tenkte mykje på korleis det ville bli å flytta hit. Me var svært bevisste på at me skulle utvida venekretsen med folk herfrå. Så me inviterte folk hit. Me møtte kjekke folk på fotballbanen eller på skulen. Me gjekk inn i foreldreutvalet. Ungar er jo ein fin måte å få kontakt med nye menneske på. Når ein flyttar til ein ny stad, må ein gjera ein innsats sjølv. Det nyttar ikkje å sitta og venta på at folk skal komme på døra di.

– Kva er det store skilnaden mellom byen og Finnøy?

– Ein bli mykje meir synleg i et lite lokalsamfunn og det er veldig uvant for meg. Folk kan til dømes vita kven eg er, utan at eg kjenner dei. For meg som ein grublar kan det vera både flatterande og litt skummelt. Eg saknar nok av og til å berre vera ein i mengda.