utsyn

Ruth har alt klart til 17.mai-festen på Utsyn

– 17. mai er ein av dei viktigaste dagane i året, seier Ruth Halleland.

For 20. gong blir det 17.maifest på Utsyn, og Ruth er i innspurten på førebuingane.

– Eg gler meg til denne dagen og til festen. Det gjer eg alltid. For meg er det meiningsfylt å vera med på dette, seier ho.

Det er 20 år sidan starten på det som den gong heitte «17.maifest for vaksne», som Sigbjørn Eggebø var mannen bak.

– Så overtok mannen min, Osmund Halleland, og dei siste åra har det vore mitt ansvar. Eg har med meg nokre flinke damer og saman lagar me eit arrangement som eg trur folk sett pris på.

– I år er det stortingsrepresentant Geir Toskedal frå Krf som skal halde tale for dagen, og det er me godt nøgd med. Oddny Furunes Gumaer frå hjelpeorganisasjonen Partners kjem for å fortella om deira arbeid, og me har song med Unni Vignes og Asbjørn Sivertsen. Og så blir det sjølvsagt rømmegraut, spekemat og masse gode kaker.

Det skal både planlegging og innsats til for å avvikla eit arrangement som strekk seg over tre timar. Ruth reknar med at det kjem 70-80 gjestar.

– Me dekker på til 80. Kvelden før gjer me det meste ferdig. Det er mykje å gjera, men me har gode rutiner, så det går greitt.

– Får du tid til noko anna på nasjonaldagen?

– Eg brukar dagen her på Utsyn, så det blir lite tog og fest for min del.

– Tenker du noko på kven som skal føre dette arrangementet vidare?

– Det låg nede eitt år, men det syntes eg var så trist at eg starta opp att. Eg klarer rett og slett ikkje å slutta, men eg er spent på om nokre yngre enn meg vil ta over. Det er jo lov å håpa…

Ruth Halleland og mannen var involvert i søndagsskulen på Reilstad i 50 år, så ho veit godt kva frivillig arbeid er. Og ho er oppteken av kva betydning nasjonaldagen har.

– Den betyr så mykje i høve landet vårt, demokratiet og kongehuset. Me har så mykje å vera takksame for i dette landet, og det er ikkje alltid me forstår det. 17. mai er ein dag me kan få visa at me skjønar dette. På ein dag som dette skal det vera stil og fest, noko som viser at me har respekt for dagen og det den står for, seier Ruth Halleland.