Vil ikkje gi bygda meir makt enn byen

Prosjektrådmannen for Nye Stavanger står på sitt når det gjeld lokaldemokrati.

Fellesnemda skal 20. mai nok ein gong behandla saka der Finnøy og Rennesøy har bedt om utvida rettigheter når det gjeld lokaldemokrati. Spørsmålet er om lokalutvala i dei tidlegare kommunane kan få innstilligsrett i saker som til dømes odelsloven, friluftsloven, jordloven. Slik praksis er det ikkje i bydelsutvala i Stavanger i dag. Rådmann Per Kristian Vareide har heile tida åtvara mot utvida lokaldemokrati, fordi det etter hans oppfatning betyr meir og dyrare byråkrati.

Saka skal først opp i arbeidsutvalet til Fellesnemda 15. mai, ogt der legg rådmannen fram to alternative forslag for politikarane. Det eine gir lokalutvala denne innstillingsretten. Det andre gjer det ikkje, og rådmannen anbefaler at ein ikkje opnar for meir makt til bygda enn byen.