Legg modellkarriera bak seg og satsar på musikk

I natt lanserer Knut Rørtveit frå Finnøy sin første singel.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

«Chasing» kan du plukka opp på sosiale medier frå kl 24.00 i kveld. Då slepper han under artistnamnet «KNUT Roertveit» singelen sin som han har laga saman med Espen Gulbrandsen. Musikken blir gitt ut opå selskapet Nordic Records og er spela inn i studioet til Gulbrandsen i Gandal, der Knut no bur.,

- Klart det er spennande. Eg har lagt modellkarriera bak meg og skal i tida framover satsa fullt og heilt på musikken. Dette er eit langsiktig løp for meg. Me skal sleppe to nye singlar om ikkje lenge, og så blir det eit album.

- Korleis vil du beskrive musikken din?

- Moderne pop, med tekst på engelsk.

Knut spela gitar på guterommet frå han var 7 år.

- Eg blei oppmuntra av flotte lærarar i Finnøy musikkskule, slike som Nils Trygve Hauge, fortel han.

Men så blei han oppdaga på gata i New York, og så jobba han som modell i fire år. Han har jobba for dei store klesmerkene og i alle dei store motemetropolane, enten det no er Milano, Paris eller London. Det var aldri draumen min å bli modell, men erfaringa gir meg gode moglegheiter framover.

- Og målet med «Chasing»?

- Å få musikken min på Spotify.

Publisert: