«Finnøy treng ikkje meir areal til å bygga bustader»

Fylkesmannen i Rogaland stiller spørsmål ved dei mange byggeområda i Finnøy som ikkje er realiserte.

Det gjer Fylkesmannen i sitt innspel til den nye kommuneplanen: «Ei utfordring med gjeldande kommuneplan, er at det er sett av og regulert mange byggeområde som ikkje er realiserte. Gjeldande plan har utbyggingsreservar på 220 fritidsbustader, 350 vanlege bustader og i tillegg fortetting på Judaberg. I revisjon av kommuneplanen er det lagt fram nye område for bustader og fritidsføremål, men tilbakeføring av ikkje realiserte område blir utsett til nesterullering. Fylkesmannen forstår kommunen sitt ønske om utvikling, men vurderer at det er lagt fram meir utbyggingsareal enn det behovet tilseier. Å spreie utbygginga på mange område, kan og svekke realisering, særleg i område med lite etterspørsel. Å tilbakeføre ikkje realiserte byggeområde til LNF, vil styrke kommuneplanen som eit meir oppdatert styringsverktøy, jf.også høyringsuttalen vår til kommuneplanen sin samfunnsdel.»

Fylkesmannen kjem så med  ei rekke konkrete innspel:

Kombinert område bustad og næring, Steinnes, gnr./bnr.12/11 og 13: Det er føreslått omdisponering frå LNF- føremål til kombinert bustad/næring. Arealet ligg i kjerneområde landbruk. Å oppføre bustadhus i LNF-område som ikkje har tilknyting til landbruksdrift er ikkje ideelt. Ut frå omsyn ti llandbruk, fremmer Fylkesmannen motsegn til forslaget.

Fritidsbustader og småbåthamn med tilhøyrande anlegg, Nordbø: Det er ledige areal i eksisterande hytteområde, vi kan ikkje sjå behovet for nytt område som føreslått. Forslaget vil også gi ei uheldig oppsplitting av omsyntil landbruksinteresser, med nedbygging av om lag 2 dekar fulldyrka og noko meir innmarksbeite. Fylkesmannen fremmer  med dette motsegn til arealforslaget ,i strid med viktige strandsone -frilufts- og landskapsverdiar i området.

Kombinert bustad, næring, forretning og kontor på Reilstad: Fylkesmannen har derfor motsegn til forslaget av omsyn til jordvern og landbruk.

Kombinert bustad, næring, Kvame: Fylkesmannen fremmer motsegn til forslaget med bakgrunn i landbruksomsyn, samt samordna areal -og transportplanlegging.

Husklynge på Steinnes, gnr./bnr.12/7 og 38: Ut frå omsynet til landbruk og landskap, fremmer Fylkesmannen motsegn til forslaget.

Næringsområde Finnøy Betong AS: Fylkesmannen fremmer derfor motsegn til omfanget av arealføremålet slik det ligg føre, før ein kan vise til utgreiingar som tilseier at dette er eit omfang der ein tar tilstrekkeleg omsyn til dei kryssande bruksinteressene.

Nytt bustad- og næringsområde på Nådå, gnr./bnr.1/3 og innspel 49 nyebustader på gnr./bnr.2/5 på Kvame: Fylkesmannen fremmer motsegn til forslaga med bakgrunn i konflikt med nasjonale jordvernomsyn, landbruk og omsyn til samordna areal- og transportplanlegging.

Bustadetablering, Aubøsund, gnr/bnr 63/3: Ut frå nasjonalt viktige landskapsinteresser og omsynet til landbruk og jordvern, fremmer Fylkesmannen motsegn til forslaget slik det ligg føre.

Fritidsbustad med båtplass og tilhøyrande anlegg, gnr./bnr.61/11,21 og 60/1: Fylkesmannen fremmer med dette motsegn til planforslaget, i strid med nasjonalt viktige landskapsinteresser og statlege planretningsliner for strandsona.

Fritidsbustader, gnr./bnr.66/6, Kyrkjøy: Fylkesmannen har med dette motsegn til planendringa i strid med strandsoneretningslinene og nasjonalt viktige landskapsomsyn.

Husklynge, gnr./bnr 64/13 Norheim, Kyrkjøy: Fylkesmannen fremmer motsegn til forslaget av omsyn til jordvern og landbruk.

Hytter, Helgøy, gnr./bnr.71/29, Helgøy: Motsegn til forslaget slik det no ligg føre.

Bustader på Kvalsnes, NordTalgje (gnr./bnr.70/8, gnr./bnr.70/3og gnr./bnr.70/15,16 og 14: Fylkesmannen fremmer derfor motsegn til arealinnspela slik dei ligg føre.

Bustader, brygge- og naustanlegg, gnr./bnr. 86/2 og 9, Skartveit, Halsnøy: Fylkesmannen har motsegn av omsyn til landbruk og jordvern til nyutbygging på gnr./bnr.86/9. Vi har fagleg råd om å ta ut heile arealforslaget.

UH3 frå utleigehytter til fritt omsettelege hytter, Eike, gnr./bnr. 84/1 og 2: Fylkesmannen fremjar motsegn til arealforslaget i strid med strandsoneretningslinene og viktige frilufts- og landskapsomsyn.

Fritidsbustader, 40/21: Fylkesmannen fremmer med dette motsegn til forslaget, i strid med regionalenatur-, landskaps- og friluftsinteresser, samt statlege strandsoneretningsliner.

Om Øyfast har Fylkesmannen dette å bemerka: Innarbeidinga i plankartet med hovudvegen, og smal omsynssone legg tydelege føringar og premiss for prosjektet. Fylkesmannen vurderer dette som konfliktfylt, då prosjektet skal konsekvensutgreiast ytterlegare. Tiltaket vil ha betydelege konsekvensar for landbruk, natur og landskap. På denne bakgrunn fremmer Fylkesmannen motsegn til planforslaget slik det no ligg føre. Fylkesmannen tilrår at traseen vert tatt ut av planforslaget som arealføremål for denne planperioden. Alternativt at det blir lagt inn ei brei omsynssone, slik at det er rom for å utgreie prosjektet vidare, og endre traseen dersom konsekvensutgreiinga viser dette som nødvendig. Det må i så fall leggast inn utfyllande føresegner for handtering av den midlertidige bandlegginga, og at denne fell bort dersom det ikkje blir fatta vedtak om ein arealplan for prosjektet.