Kaptein på seniorlaget

Helga Hebnes finn mykje meining i frivillig arbeid.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

- Du veit,

i frivillig arbeid er det alltid noko du kan hjelpa til med, eg trur ikkje det er sunt å berre setta seg i ein stol og gjera ingenting.,

Vårsola sleng

det skarpe lyset sitt inn gjennom vindauga på Kindingstad, og plutseleg blir det liv i markisa. Eit vårteikn, så godt som noko. Helga og Torleiv bur høgt oppe i åsen og har ein fantastisk utsikt mot fjorden. Han er ein ekte moderne mann, som møter meg i gangen med eit stort smil og støvsugaren i handa. I stolen sit ei vaksen dame med kort grått hår. Leiar i Finnøy Pensjonistlag.,- Eg er frå Kvinnherad, seier ho.,- Du held godt på dialekta di?,- Tja, eg veit no ikkje det, men eg prøver. Det snik seg alltids inn eit framand ord eller to.,- Korleis vaks du opp?,-På Lyngstrand ytst i Hardangerfjorden, ei lita veglaus bygd med 11-12 hus. Men me hadde eigen skule, der alle sju klassetrinna var samla i same klasserom. Mor og far dreiv eit lite småbruk, men det var ikkje noko å fø familien på ei ku og nokre høner. Me hadde verken traktor eller hest. Far tok anleggsarbeid. Mor var heime med oss tre søsken.,- Kva er ditt fyrste minne?,- Eg veit ikkje kor gamal eg var, men eg kan hugsa at det var jul og me skulle på juletrefest til skulehuset. Me gjekk langs stien og pappa bar meg i ein ryggsekk, ein slik grå ein som me hadde då. Eg kunne vel vera eit par år, for den sekken er jo ikkje stor.,

Skulegangen skulle

fortsette og då Helga var 14 år flytte ho på hybel.,- Det var dagen etter konfirmasjonen.,- Tidleg?,- Det var berre slik det var. Du tenkte ikkje over det, men eg lengta mykje heim det fyrste året. Det var nok ikkje så lett for mor og far, men dei stolte på oss ungane. Om det er noko du lurer på, ikkje spør meg , men tenk på kva du trur eg ville gjort, sa mor til meg. Eg vaks opp i ein trygg heim på ein trygg stad. Me fekk med oss gode verdiar heimanfrå og lærte tidleg å ta ansvar. Det gjorde oss tidleg sjølvstendige, seier Helga.,

Etter framhaldsskulen

gjekk ho realskulen i to år og husmorskule i 10 månader, men då ville ho jobba og tena pengar. Helga meinte mor og far hadde betalt nok skule for ho. 20 år gamal kom ho til Finnøy for å jobba på husmorskulen på Rygjabø på Judaberg. Der blei ho kjæraste med Torleiv.,- Me dreiv garden i mange år, men no har sonen vår teke over. Me hjelper berre litt til med hønene. Då me ikkje dreiv garden meir, fekk eg meg jobb i teknisk etat i kommunen og så fekk eg ei halv stilling då kommunen skulle ha kyrkjeverje. Det var i 1993 og eg var kyrkjeverje heilt til i 2011, då eg gjekk av. Det var ein veldig kjekk jobb, for eg møtte mange takksame menneske og lærte mange å kjenna. Og du kjende aldri dagen. Det likte eg.,- Det einaste som var litt plagsamt var at eg er så beskjeden. Berre det å ta ein telefon kunne vera vanskeleg. Då eg vaks opp blei me jo lært opp til å vera tilbakehaldne, men eg trena meg opp til å snakka i forsamlingar, leia møte og slikt, slik at i dag er dette lettare, fortel ho.,

Medan ho har

jobba har jo heile vegen vore med i foreiningsarbeid. Misjonsforeninga.,Elieserforeningen.,Santalmisjonen – som no går under namnet Normisjon.,Det var alltid eit møte å gå i, alltid ein basar å strikka gevinst til, alltid ei julemesse, alltid ei kake ein kunne baka. Desse kvinnene samla over år inn millionar av kroner til å bringa Guds ord ut i verda og til å hjelpe dei som trong det. Dei hadde høg motivasjon og låg terskel for å seia ja.,- Eg har alltid likt dette arbeidet og eg har vore med i 50 år no. Eg er berre ei lita brikke, men saman med andre kan me gjera viktig arbeid. Og så er det jo kjekt å møtast, drøsa litt og drikka kaffi. I Elieserforeninga er me no berre sju medlemmer att. Me har basar når Elieser kjem til Judaberg på hausten og då er det ikkje uvanleg at me sel lodd for 30.000 kroner.,- Korleis skal det gå med Elieserforeningen utan rekruttering?,- Det er eit stort problem. Det kan sjå ut som om dei unge meiner at samfunnet skal løysa alle oppgåver, men eg trur dei frivillige er like viktige som før.,

I 2018

blei Helga leiar i Finnøy Pensjonistlag. Dei held det i familien, for ho tok over etter Torleiv.,- Det var vel ein hard valkamp for å få det vervet?,- Ja, den var knallhard, kan du tru, ler ho.,- Det blir meir støvsuging og oppvask på meg no, skyt Torleiv inn frå nabostolen.,Livet har lagt seg fint på plass for dei to på Kindingstad. Dei har ein son på garden, ein på Tau, og ei dotter i Molde. No er det travle dagar og lemming på garden, og dei steller hønene. Elles er det trim på måndagar og treff på onsdagar, foreiningsliv, kristne møte og gudstenester på sundagane.,- Eg trivst godt med å vera pensjonist. Eg hadde ikkje førebudd meg så mykje på det, men eg gjekk litt gradvis ut av arbeid, så overgangen var ikkje så brå. Eg har god helse og eg likar å vera aktiv, for eg synest det er kjekt å vera til glede og nytte for andre. Og skulle eg gå ein dag utan å gjera noko, så har eg same løna uansett.,

- Huff, eg har jo

heilt gløymd av fruktfatet, seier ho plutseleg, og byr på eple og appelsin.,- Ein kan jo ikkje berre setta seg i ein stol, sjølv om ein er pensjonist. Det er godt å kjenna at nokon kan trenga deg. Eg strikkar, les og går på tur. Det er fine dagar.,- Du har levd ei stund. Kva tenker du om den tida me lever i?,- Når eg ser på tv, ser eg jo kva krefter som er der ute. Fridom for sex, alkohol og narkotika og ungdom som ikkje kjenner seg gode nok. Dei får store krav frå foreldre og samfunn og mange slit med den psykiske helsa. Det er venta at dei skal ta høg utdanning, men eg meiner alt arbeid har lik verdi,- Kva for positive endringar ser du i samfunnet?,- Alle har betre økonomi og levestandard. Moglegheitene er større og velferdsstaten er både bra og ikkje bra. Me er heldige i Norge, men me har vorte kravstore. Det er nokon som aldri får nok og eg kjenner at det gjer meg litt irritert. Hugs at det alltid er noko å vera takksam for.

Publisert: