SAM_3960

Nærmare 1000 på påskevandring i Vignesneset

Dei kom frå Røver og Karmøy i nord til langt sør på Jæren. Alle kom dei for å delta på den årlege påskevandrings -arrangementet på Nordre Vignes i regi av Finnøy sundagsskule palmesundag. Og det 14. arrangementet sidan oppstart i 2005,blei også eit "all time high" for dei driftige og kreative arrangørane. Tilfreds kunne dei konstatera at dei hadde sendt over 950 personar ut på vandring i Vignesneset for å få med seg den kraftfulle påskebodskapen, eksemplifisert av både sokneprest, søndagsskulelærar, søndagsskuleborn og mange andre friviljuge skodespelarar.

-Eg ville nok ikkje  klart å samla så mange til gudsteneste og nådd ut til så mange med påskebodskapen i Hesby kyrkje, sjølv ikkje ein 1. påskedag, smiler sokneprest Tor Egil Eriksen, som fullrosar arrangørane i søndagsskulen på Finnøy. Sjølv deltok han som skodespelar, og brukte heile frihelga si både lørdag og søndag til øving og framføringa i rolla si som disippelen Johannes, då Jesus rei inn i Getsemane palmesundag.
Frå Sandnes, på veg inn til påskefeiring hjå foreldre og svigeforeldre på Fogn, hadde  ekteparet Tanja Sandanger Giske og ektemannen Erlend Giske, saman med borna Filippa og Amadeus, også lagt turen innom Nordre Vignes for å få med seg både påskebodskapen og ei vakker turoppleving denne flotte vårdagen. -Dette er eit kjempetiltak for både born og vaksne ved inngongen til påskehøgtida, seier Tanja som no er i gong med å byggja hus og skal flytta tilbake til sitt kjære Fogn.-Men  utsiktene til eit Øyfast har nok ikkje vore avgjerande og med i vurderingane, smiler ho på spørsmålet om det har vore vektlagt i flytteprosessen.-Eg har jobben min i Stavanger sentrum, så eg satsar på eit godt og funksjonelt hurtigbåttilbod frå Fogn til Stavanger, seier ingeniør og ektemann Erlend med vesle Amadeus på ryggen.
Langs vegkanten frå fylkesvegen ved avkjørsla til Nordre Vignes, i gardstun, på låvebruer, ja til og med langt utpå dei vårgrøne og nygjødsla markene hadde velviljuge grunneigarar og bønder gitt løyve til parkering av hundretals bilar. Også det eit viktig og heilt avgjerande bidrag til at den 14. Påskevandringa på Nordre Vignes kanskje blei den mest vellukka til no.

-Det er dette me har lært og det er dette ME har valt å tru på, sa tidlegare sundagsskulelærar og mangårig skodepaler Arne Madland, no i rolla som læresveinen Peter. Det etter å ha vore med på å dramatiserte sjølve oppstandelseshistoria 1. påskedag ytterst mot vest, langt ute i Vignesneset,denne uvanleg vakre palmesundagen 2019. Ein verdig inngang til den stille veka og sjølve påskefeiringa som nok sette sine spor hjå mange av dei som hadde møtt opp.