Håvard Østhus

Fyrbøtar for eiga glød

Ikkje veit eg, men skal du verkeleg brenna for noko, er det sikkert lurt å starta med fyrstikker tidleg i ungdomen…

– Jo, me fann jo på mykje. Ein gong heldt me på å brenna ned store delar av Fogn, humrar Håvard Østhus.
Han og kompisane Øyvind Sandanger og Kjartan Aano var trearbanden som hang saman og hadde mykje moro – også med fyrstikker og pyrotekniske hjelpemiddel. Eg er akkurat i ferd med å få ei tilståing av gamle synder:
– Me var nokså kreative med fyrstikker og bensin, for å seie det slik. Eg hadde også jamnleg tilgang på kinaputter, og så er det vel ein hytteeigar som enno saknar postkassa si.
– Meir!
– Dette er nok ikkje så lurt….Ein gong hadde me vore og bada. På vei heim tente me på gras i grøftekanten. Men det spreidde seg fortare enn me trudde, så det var ikkje anna råd enn å bruka badehandkleet å slukka med. Me grov det ned etterpå…

Eg sit på rektor sitt kontor. Det har eg gjort ved tidlegare høve i barndomen også – meir eller mindre frivillig. Dette er kontor og lager for Håvard Østhus, rektor på skulen på Fogn. Før det har han vennleg nok henta meg på kaia, og på dei fire minutta det tek å køyra opp til skulen, veit eg at han brakk foten i 2017 og sprang sin første maraton i 2018, på 3.27. Han er effektiv og snakkar fort, denne unge karen, som blei ein av landets yngste rektorar då han var 31 år. I kvardagen sin har han plass til menigheitsarbeid, fotball, familie, jobb og grendalaget. For å nemne noko.
– Eg er ganske effektiv og systematisk, seier han når eg spør, mens eg legg merke til dei mange plastkassane i hyllene på kontoret.
– Det er fint å ha ting på ein fast plass. Plastkassar er ei fantastisk oppfinning. Dei og merkemaskinen brukar eg mykje. Det er jo så mykje lettare å finna det du skal ha om du har det i ei merka kasse, ikkje sant?
Det er kanskje ikkje så mange rektorar som har så mykje verktøy på kontoret som Håvard. Ei bajonettsag, til dømes. Store elektriske verktøy.
– Heime har alle i familien ein plastboks merka «Fysiske minne». Der legg me ting me tek vare på, men når kassa er full må noko kastast.
– Godt tips….
– Takk. Men ein jo prioritera kva ein skal ta vare på, og eg slit litt med at russedressen min tek stor plass…

Jo, han innser nok at det tidvis kan bli vel mykje systematikk og effektivitet. Spontaniteten blir borte.
– Eg jobbar med å bli betre, men det er ikkje alltid eg tek signal frå andre like godt. I mitt hovud er ein samtale starten på ei avgjerd. Eg er i ferd med å læra meg at nokre gonger er ein samtale berre ein samtale, der det er sjølve samtalen som er det viktige.

Brennande engasjert. Sjølvgåande. Håvard Østhus er definitivt ein «do-ar». Utålmodig. Hands on. Kreativ. Handlekraftig, seier dei som kjenner ein kar som sikkert kan halde ut lange prosessar, men som likar seg aller best når det er mykje som skjer og beslutningene sitt laust.
– Det er irriterande å måtte gå mange rundar når ein har ein god idè. Eg er heldig som er på ein liten arbeidsplass, for her kan me bestemma oss nokså raskt. Det likar eg.
– Var det difor du ikkje treivst i politikken?
– Eg likte meg veldig godt. Eg har stor respekt for dei som er i kommunestyret i Finnøy. Problemet mitt var at eg var så mykje inhabil fordi eg var rektor, og då rådmannen ga meg beskjed om at eg ikkje kunne vera med å behandla budsjettet eller uttale meg om skulepolitikk, så var det ikkje så mykje att å driva politikk med. Og no har eg ikkje tid.
I staden brukar han tida i Fogn Misjonsforsamling eller på A-laget til Fogn, der han går for å vera den dårlegaste taparen av alle.
– Eg er vel blitt betre, men det er eit rykte eg aldri blir kvitt. Det har vært sant, for å seie det slik. Eg blir sur også når Manchester United tapar.
– Eg også, men korleis går det med Fogn i år?
– Det ser bekmørkt ut! Me har ikkje trena ute ein einaste gong og har mista ein av våre beste spelarar, Martin Østhus – attpåtil til Finnøy. Krise! Det største eg har vore med på på fotballbanen var då me slå Finnøy i cupen her i fjor.
– Kva slag spelar er du?
– Eg er ein treig spiss, men eg scorar i alle fall meir mål i kamp enn på trening. Har 47 mål på 190 kampar.
For å spara på den tida han har og bruka ho best, tek han i bruk teknikken. Han har skaffa seg grasklipparrobot og støvsugarrobot. Han har brukt pengar på fotoutstyr og videoutstyr, og har kjøpt seg drone. Og han har laga ein video som er vist ein million gonger på Facebook.
– Den elbil-videoen var eit samarbeid mellom Kristoffer Østhus, Gordon Sunde, Trond Arne Borgemyr og meg til eit 17.maiarrangement. Det er jo kjekt at det blei slik ein suksess.
– Var det din første video?
– Nei, me laga mellom anna ein i ungdommen, inspirert av tv-programmet Gutta på tur. Eg spela Vegard Ulvang, me dreiv med isbading og Rasmus Bøe skaut ei høne i den videoen.
– Ei høne?
– Ja, men ho var skada frå før.
Håvard er ein tekno-optimist som likar å prøva ut nye ting. Der andre hevar peikefingeren slår han ut med armane og seier «kom!». Datamaskinen er ein ven. Då Apple-gründaren Steve Jobs gjekk bort i 2011 stilla Håvard på skulen i svart. Han forklarte sjølvsagt elevane kva det gjekk i.
– Fogn var ei av dei første grunnskulene i landet der kvar elev hadde sin eiga iPad. Data er fantastisk, men alt som kan brukast, kan misbrukast. Eg starta tidleg. Eg og kompisane satt på rommet og tok opp lyden av ein rap. Då kom mor mi inn og kjefta.
– Me skal gi elevane kompetanse til å lære nytt. Dei skal læra å læra. Då kan me ikkje berre seia at data er fy. Me må læra dei kjeldekritikk og god bruk av data.
Og lære dei å bruka YouTube. Håvard ei ein svoren tilhengar av YouTube. Han lærte videoredigering og sjonglering på YuoTube. Men:
– Me skal ha skjermfri veke på skulen veka før påske. Då kan dei som vil legga bort alle skjermar i ei veke, og det trur eg er sunt.

Heimekjær fognapatriot, som skryt av dugnadsviljen på øya. Det låg alltid i korta at han skulle heim etter utdanninga, og han har busett seg med kone og barn rett ved mor og far på Sæbø.
– Kva skal du bli når du blir stor, spør eg – i mangel av noko betre.
– Eg skal prøva å bli litt betre kvar dag. Det er eit uttrykk eg har frå handballtrenar Thorir Hergeirsson. Det meiner eg kan vera ledande for det me gjer for elevane også.

Tida vår renn ut. Men me har vore effektive, og det er jo alltids noko. Snart går ferga, og snart skal Håvard ta den ferga kvar dag – til sin nye jobb på Forus. Der skal han frå hausten vera med på å bygga opp ei kristen vidaregåande privatskule.
– Eg gler meg. Det blir spennande å vera med å skapa ein kultur heilt frå start. Det liknar jo på leiarjobben eg har her, sjølv om det er nye ting eg må læra meg.
– Du kan jo berre bruka YouTube?
– Ja, ikkje sant?

Edd Meby