Askild Eggebø

To nye år i TINE-styret

Askild Eggebø frå Finnøy blei i går, torsdag, gjenvald som styremedlem på TINE sitt årsmøte. Det er femte periode i styret han no tekk fatt på.

-Tine er eit selskap i utvikling og vekst, og i løpet av dei siste åra har me lukkast med å omorganisera og effektivisera drifta. Dette har resultert i ei etterbetaling til eigarane våre på 57 øre per liter mjølk. Det er blant anna slike positive opplevingar som gjer at eg etter åtte år i styret framleis vel å fortsetta, seier Eggebø til Øyposten.

Marit Haugen overtek som styreleiar etter Trond Reierstad. Haugen har tidlegare jobba som jordbrukssjef og kommunesjef i Hjelmeland kommune.