vær

Draumepåske i vente

Men ingen grilling eller eggkoking utandørs i år.

Held vermeldingane går me ein draumepåske i møte.
Moglegheitene for å bli påskebrune er store. Vermeldingane for påskeveka viser stort sett ei einaste stor SOL over heile fylket, og det betyr at mange skal feriera på fjellet eller ved sjøen. Og med auka sol og varme, aukar også brannfaren. Ikkje alle er klar over kor lite som eigentleg skal til for å starta ein brann.
Brannvesenet har innført totalforbod mot open eld. I desse kommunane gjelder forbodet også grilling i eigen hage: Gjesdal, Klepp, Kvitsøy, Sola, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Stavanger, Time, Finnøy, Hjelmeland, Strand og Forsand.
– Sjølv om det er kaldt, kan bakken vera knusktørr, og då skal det lite til før det tek fyr. Det har allereie vore fleire mindre grasbrannar, og brannfaren blir ikkje mindre, så lenge det framleis er opphald og fint ver. Me anbefaler å fylgja dei lokale råda, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.
Med desse formaningane ynskjer me i Øyposten alle våre lesarar ei riktig god påske.